1024

Kristenretten vedtatt på Moster

Illustrasjon av Kristenretten vedtatt på Moster
+
+
+
+

Kristenretten

Ny religion og nye tider for både folk og samfunn!

Kristenretten er den delen av lovane som handlar om kyrkjelege eller religiøse høve. Dei to hovudområda for Kristenretten var kyrkja si organisasjon, og dei moralske påboda. 

Den fyrste Kristenretten vart vedteken på Mostratinget, med Olav Haraldsson og Bisp Grimkjell til stades. Spora etter denne Kristenretten finn vi i Gulatingsloven, som ein antar vart skriven ned seint på 1100-tallet. 

Med Kristenretten vart Noreg formelt eit kristent rike, men sjølve trusskiftet hadde starta langt tidlegare. Kristendommen vant fyrst innpass i kystområda som var i tett kontakt med utlandet. Det er grunn til å tru at religionen fyrst fekk fotfeste blant samfunnet sitt leiande lag – dels fordi dei hadde flest kontaktar utover, dels fordi trusskiftet hadde kongen som pådrivar og blei eit strategisk spørsmål. Motstand mot den nye trua vart kopla saman med motstand mot kongen, og motsett innebar ei rask omvending gode vilkår hjå kristningskongane Håkon den gode, Olav Tryggvason og Olav Haraldsson.

Med Kristenrettane fekk landet ei ny tru, og ein heilt ny organisasjon, som skil seg frå den førkristne religionen ved at den var basert på skrift, institusjonar og en fasttømra lære. Kyrkja blei gjennom dette pådrivar for ei lang rekke djuptgripande prosessar i middelalderen: statsutvikling, skriftleggjering, europeisering og individualisering.