1034

Kulisteinen vert reist

Illustrasjon av Kulisteinen og et kart med markør i mellom-Norge
+
+

Kulisteinen

På Kulisteinen er det fyrste gang ordet Noregi er brukt i Noreg. Betydinga av «Noreg» er omstridt. Det har vore vanlig å tolka som det som Nordvegr – vegen mot nord. 

Det har vært usemje om når innskrifta på Kulisteinen vart rissa. Den vanlegaste tolkinga har vore at det skjedde i 1034, dels fordi innskrifta viser til Mostratinget som vart avhalde ein gong på byrjinga av 1020-tallet, dels på grunnlag av ei dendrokronologisk datering (årringdatering) av ei trebru rett ved steinen. Kyrkjehistorikaren Fridtjof Birkeli meinte at steinen var reist på 960-tallet og viste til det fyrste kjende kristningsforsøket i Noreg, ved kong Håkon den gode. Ei tredje tolking er at Kulisteinen vart reist i etterkant av Olav Tryggvasson si misjonering langs Vestlandskysten, og kan visa til tinget som vart avhalde på Dragseidet i 997.

Det at Kulisteinen omtalar og daterer kristninga gjer den til ei særs viktig kjelde i norsk historie, då kjelder som omtalar kristninga som regel er mykje yngre (lover, soger) eller utanlandske. Bruken av ordet «kristendom» («kristindómr») er fyrste gong belagt her, og viser at kristninga vart oppfatta som eit trusskifte. Professor i Norrønt språk Jan Ragnar Hagland meiner på grunnlag av dette ordet og tingvedtaket at Kulisteinen kan oppfattast som eit propagandaskrift for den nye trua.