1152

Noreg får sin egen kyrkjeprovins

Illustrasjon av Gulatinget i år 930
+
+
+

Noreg får sin egen kyrkjeprovins

På 1100-talet vaks den norske kyrkja seg mektig og fekk mykje å seie for styringa av landet. Opprettinga av ein eigen kyrkjeprovins var eit viktig steg mot meir makt.

På byrjinga av 1000-talet vart Noreg eit kristent kongedømme. Det vart bygd kyrkjer og tilsett prestar som skulle halde gudstenester. Den øvste leiaren for alle katolske kristne i Europa var paven som heldt til i Roma. Det kristne fellesskapet var vidare delt inn i provinsar med ein erkebiskop som leiar.

I den fyrste tida etter at Noreg offisielt vart kristna, høyrde den norske kyrkjeorganisasjonen inn under erkebiskopar i Hamburg eller Bremen i Tyskland eller Lund i dagens Sverige. I 1152 eller 1153 vart det oppretta ein eigen norsk kyrkjeprovins med ein erkebiskop som skulle ha hovudsetet sitt i Nidaros (Trondheim) og som skulle ha ansvaret for dei fem bispedømma i Noreg og 11 bispedømme utanfor Noreg.

På dette tidspunktet hadde Noreg tre kongar som styrte landet saman. Det var ikkje uvanleg, og vi kallar det eit samkongedømme. Desse tre kongane møtte til forhandlingar i Bergen i 1152 eller 1153 (dato usikker) for å opprette ein ny kyrkjeprovins. Paven hadde sendt ein stadfortredar, ein såkalla legat med namn Nicholas Breakspear, til møtet. Alt tyder på at møtet gjekk fredeleg for seg, og at kongane ønska det nye velkommen. Å få eit eige erkebispesete betydde større makt til kyrkja, men det kunne også brukast til å styrke kongemakta. Det måtte vere lettare for ein konge å påverke ein erkebiskop som styrte frå Nidaros enn ein i Hamburg. På møtet vart det bestemt at kyrkja skulle få ei rekke rettar, eller privileg som det blir kalla.

Med ein eigen norsk kyrkjeprovins og ein erkebiskop til å styre den, var kyrkjeorganisasjonen komen langt på midten av 1100-talet, og på mange måtar var ho komen mykje lenger enn kongemakta. Dette førte til at kyrkja og kongemakta hadde nytte av å samarbeide når dei hadde felles interesser, men også at det kunne bli alvorlege konfliktar når dei var usamde.