Magnus Erlingssons vart krona
I 1163 eller 1164 vart ein sjuåring som ikkje var kongsson tatt til konge. Dette var ganske uhøyrt og attpåtil vart han krona, som den første kongen i Norden.
Korleis kunne det skje?
Magnus var son til ein av dei mektigaste stormennene i landet, Erling Skakke, frå Etne på Vestlandet. Mor til Magnus var Kristin, dotter til ein tidlegare konge, Sigurd Jorsalfar. Magnus var dermed etterkomar av ein konge, men ikkje gjennom mannsledd, slik han med rette skulle vere for å bli konge.
I 1163 hadde det vore strid mellom ulike tronkrevjarar som alle ville bli kongar. Erling visste at dersom Magnus skulle vinne over konkurrentane sine måtte han alliere seg med dei aller mektigaste. Kyrkja var ei slik makt som vise seg å bli ein svært god alliert for kong Magnus. Erling gjorde ein avtale med erkebiskop Øystein. Erkebiskopen gjekk med på krone Magnus mot at kyrkja fekk lov til å ta inn høgare skatt og bestemme sjølv i ei heil rekke saker. Magnus måtte også sei fram ein eid der han lovar å vere tru mot kyrkja og arbeide for å styrke kyrkja si makt.