1190

Kong Sverre tala Roma midt imot

Illustrasjon av Gulatinget i år 930
+
+

Kong Sverre tala Roma midt imot

I andre vers av nasjonalsongen vår «Ja vi elsker» heiter det at «Sverre talte Roma midt i mot». Dette viser til då det vart full strid mellom biskopane i landet og kong Sverre i 1190-åra, og paven lyste Sverre i bann.

Bakgrunnen for denne konflikten var den sterke posisjonen kyrkja hadde fått gjennom privilegia ho hadde fått i 1152 og 1163. På 1170-talet kom det ein ny tronkrevjar til landet frå Færøyene. Det var Sverre, som hevda han var son til Sigurd, ein tidlegare konge. Sverre allierte seg med grupper som var misnøgde med kong Magnus Erlingsson. Sverre sine folk vart kalla ‘birkebeinar- fordi dei skal ha vore så fattige at dei måtte surre bjørkenever rundt føtene som sko. Kyrkja var som kjent ein nær alliert av kong Magnus og biskopane var ikkje særleg begeistra for Sverre.  

Etter fleire år med militære kampar miste både kong Magnus og faren Erling livet, og i 1184 vart Sverre einekonge. Kyrkja ville framleis ikkje samarbeide og nekta mellom anna å krone kong Sverre. Kong Sverre syns kyrkja hadde for stor makt. Han ville bestemme kven som skulle vere biskopar og syns erkebiskopen hadde for stor hærstyrke og kravde for store bøter. Meir grunnleggande handla denne striden om kven skulle bestemme over kyrkja.  

Kampen vart utkjempa på to frontar. For det første var det ein ordkrig mellom kyrkjemakt og kontakmakt. Biskopane søkte asyl i utlandet og skreiv klagebrev til paven, som svarte med å bannlyse Sverre. Det innebar at han vart utestengt frå det kristne samfunnet. Kong Sverre skreiv eit forsvarsskrift der han la skulda på prestane i landet. Mest sannsynleg forfalska han også eit svarbrev frå paven, som gav Sverre rett i alle skuldingane.  

For det andre, utvikla ordkrigen seg til å bli fysisk krigføring. Biskopane og andre av kong Erling sine støttespelarar samla saman ein stor hærstyrke – kalla baglarar ettersom ‘bagl’ tyder bispestav. Krigen mellom birkebeinane og baglarane heldt fram også etter at kong Sverre døydde av sjukdom i 1202.