1217

Håkon Håkonssons Norgesvelde

Illustrasjon av Gulatinget i år 930
+
+
+

Håkon Håkonssons Norgesvelde

Endeleg fred i landet!

Håkon Håkonsson var fødd midt under borgarkrigane. Han var soneson til kong Sverre og allereie som liten gut følgde han med birkebeinarhæren der den var. Sidan han kunne bli ein konge for birkebeinane i framtida, var dei redde for at baglarane skulle få fatt i Håkon og skade han. Ein gong måtte han og nokre andre birkebeinarar flykte frå baglarane på ski over fjellet frå Lillehammer til Nidaros. I dag blir det arrangert skirenn – Birkebeinarrennet – i same trasé men omvendt veg.  

I 1217, då Håkon var 13 år gamal, klarte birkebeinarane og baglarane å bli einige om at Håkon skulle vere deira felles konge og dei skulle halde fred. Håkon Håkonsson bygde opp det norske riket etter dei øydeleggjande borgarkrigane, mellom annan ved hjelp av lov. Han fekk laga både ei eiga fredslov, og ei ny tronfølgjelov. Den skulle gjere slutt på stridane om kven som skulle vere konge i landet.

Under Håkon Håkonsson var det norske riket på sitt største geografisk. I ettertid har ein kalla det norske kongeriket under Håkon Håkonsson Norgesveldet.