1274

Den første norske landslova

Illustrasjon av Gulatinget i år 930
+

Den første norske landslova

Kong Magnus V Håkonsson var opptatt av å forbetre, eller bøte på, lovene. Derfor fekk han tilnamnet Lovbøter eller Lagabøter på norrønt. Han stod bak den første lova som gjaldt for heile landet.

Det fans lover før 1274 også men dei gjaldt for ulike landsdelar. Under Magnus Lagabøte vart desse samla til ei felles lov for heile riket. Noreg var eit av dei første kongerika i Europa som vart samla under ei felles lov.  

Den nye lova skulle både sørge for at lova blei praktisert likt i heile landet og at den vart meir moderne, etter inspirasjon frå europisk lovgiving. Nytt var for eksempel at familien til ein lovbrytar eller eit offer ikkje skulle blandast inn og at det vart forbode å hemne seg. Med den nye lova vart eit lovbrot ikkje lenger rekna som ein privatsak men som eit brot på samfunnsfreden og dermed ei sak for kongen som øvste domsmyndigheit. Slik er det også i dag. Landslova representerer dermed på mange måtar ein ny måte å tenke lov på i Noreg. Magnus Lagabøtes landslov vart brukt i over 400 år.

Byane fekk si eiga bylov. Den var nesten lik landslova, men inneheld meir om handel og handverk og mindre om jordbruk. Byloven inneheldt også reglar for korleis folk skulle oppføra seg og leve i ein by, som til dømes kor i byen de var lov å selje ulike varer, kva dei skulle koste og korleis byen skulle ordne med brannvern og beskytte innbyggarane sine.