1319

Den norsk-svenske unionen

Illustrasjon av Gulatinget i år 930
+
+

Den norsk-svenske unionen

Då kong Håkon V Magnusson døydde i 1319, vart barnebarnet Magnus VII Eriksson norsk konge. Han vart òg valt til svensk konge, og det vart byrjinga på eit norsk-svensk politisk fellesskap med felles konge på store deler av 1300-talet.

Då kong Håkon V døydde hadde han ingen son, men han hadde ei dotter. I følgje lova kunne ikkje ho  arve kongeriket sidan ho var jente, men for å sikre at det fans ein arving hadde arvelova blitt endra 17 år tidlegare slik at dersom Ingeborg fødde ein son, kunne han arve riket, Det vart også opna for at ho sjølv kunne bli dronning dersom det ikkje fans andre gode nok kandidatar. For første gong kunne altså ei kvinne formelt styre landet.  

Sidan Ingeborg var den einaste dottera kongen hadde med dronninga, vart det også veldig viktig å kontrollere kven ho gifte seg med. Hennar framtidige ektemann eller søner kunne få stor politisk makt. Ingeborg vart forlova fleire gonger medan ho berre var eit barn, og ho vart gift med ein svensk hertug då ho var 11 år. Dette var ein del av kong Håkons utanrikspolitikk, der han prøvde å skaffe seg større makt i Skandinavia.

15 år gamal fødde Ingeborg sonen Magnus. Då kong Håkon døydde, var Magnus tre år gamal. Han arva det norske kongeriket av morfaren, og vart valt til konge av Sverige nokre månader seinare. Dermed hadde Noreg og Sverige felles konge.  

Året 1319 innleiar ein periode på knappe 500 år i norsk historie der alle norske kongar også var kongar i eit eller begge av nabolanda, men det er ingenting som tyder på at kongane aktivt gjekk inn for å styre gjennom union. Forklaringa på unionstida bør heller søkast i at medlemmene av dei skandinaviske kongehusa gifte seg med kvarandre og denne tendensen vart forsterka etter krisa som Svartedauden medførte på midten av 1300-talet.