1349

Svartedauden – pandemi og krise

Illustrasjon av Gulatinget i år 930
+
+
+

Svartedauden – pandemi og krise

På 1340-talet vart både Asia og Europa råka av ein pandemi som tok livet av millionar av menneske. Ein svært smittsam bakterie spreidde seg frå Kina i aust til Grønland i vest.

I somme område døydde opp til halvparten av befolkninga. Det gjekk rykte om barn som streifa omkring åleine, og om døden som forkledde seg som ei gamal kone som låg på lur.  

Sjukdomen som forårsaka pandemien var byllepest. Dei som vart smitta vart svært sjuke og døydde etter berre nokre få dagar. Folk budde svært tett og delte ofte seng. Ingen visste at handvask var viktig og mange kunne nok gå både dagar og veker utan å vaske seg.  

På kort sikt vart det kaos og svært vanskelege tider for både fattige og rike. På lengre sikt vart det lettare for bønder og arbeidarar å skaffe seg jord og arbeid. Dei rike levde gjerne av leigeinntekter frå og skattar frå bøndene. Desse fekk det vanskelegare no når det var færre som betalte skatt og leige for gardane sine. Mange gardar vart forletne anten av di folk døydde eller dei flytta til større og betre gardar.

Svartedauden var berre den første av ei rekkje pestepidemiar som råka Noreg i løpet av seinmellomalderen. Det førte til at det tok lang tid før folketalet tok til å stige att. I Noreg førte det til ei økonomisk krise for eliten og svekka Noreg politisk jamfør nabolanda. Resultatet vart ein serie av unionar.