1397

Kalmarunionen

Illustrasjon av Gulatinget i år 930
+

Kalmarunionen

Ei kvinne styrer alle dei tre nordiske kongerika.

I 1380 vart Olav Håkonsson konge i Noreg og Sverige, ti år gamal. Han arva den norske kongetrona av far sin Håkon. Mor hans var Margrete, ei dansk kongsdotter. Fire år tidlegare hadde han blitt valt til dansk konge, men det var mor hans som var den eigentlege riksstyraren. I Noreg styrte Margrete saman med ei gruppe formyndarar, det vil seie mektige menn som gav råd til kongen og kongemora.

Då Olav var femten år vart han rekna som myndig, og kunne i teorien bestemme sjølv, men året etter døydde han brått og uventa. Etter eit intenst maktspel vart det inngått ein avtale i byen Kalmar om at dei tre rika skulle styrast som ein union av Margrete og ein slektning av henne, Erik av Pommern, skulle vere konge når han vart myndig.

Margrete var ein dyktig politikar, som viste både handlekraft og vilje til å inngå kompromiss om det var nødvendig.  

Unionen mellom dei tre rika held fram med å eksistere heilt til 1523. Då gjekk Sverige ut av unionen, medan Danmark og Noreg vart styrt som union fram til 1814.