1536 –1537

Reformasjonen

Illustrasjon av Gulatinget i år 930
+
+
+
+
+

Reformasjonen

Tidleg på 1500-talet bles det opp til storm i Europa.

Mange var misnøgde med korleis den mektige katolske kyrkja forkynte kristendomen og måten prestane og biskopane styrde kyrkja. I tillegg var fleire kritiske til all rikdomen kyrkja hadde samla seg, og den makta paven i Roma hadde i heile Europa. Kritikarane ønskte å reformere kyrkja, og dei vart etter kvart kalla protestantar.

Den fremste av desse var den tyske munken og teologen Martin Luther. I 1517 gjekk han så langt i sin kritikk at han vart bannlyst både av paven og den tysk-romerske keisaren – den mektigaste mannen i Europa.

Men Luther hadde både vener og tilhengjarar, og gjennom 1520- og 1530-talet vart flokken hans større og større, med stadig nye grupper som protesterte mot både kyrkja og maktforholda elles i samfunnet. Korkje paven eller keisaren greidde lenger å halde på oppslutninga om ei felles kyrkje i Europa, og midt på 1500-talet vart den katolske kyrkja delt for godt, i ein katolsk og fleire ulike protestantiske retningar.

Denne splittinga påverka også forholdet mellom kongen og kyrkja på kvar sine måtar i ulike land, og endra det politiske og religiøse Europa-kartet for alltid.

Noreg var på denne tida i union med Danmark. Leiaren i det norske riksrådet var erkebiskopen i Nidaros, og den katolske kyrkja stod såleis sterkt. Dei protestantiske tankane hadde ikkje slått rot, men då lutheranaren Kristian III tok over trona i Danmark i 1536, og gjennom eit politisk kupp avskaffa det norske riksrådet, oppløyste unionen og la både Noreg og kyrkja under seg – vart også Noreg til eit protestantisk land.

Nesten over natta mista Noreg både sitt politiske sjølvstende og si katolske kyrkje.