1607

Ein norsk kyrkjeordinans

Illustrasjon av Gulatinget i år 930
+
+
+

Ein norsk kyrkjeordinans

Då reformasjonen vart innført i 1536/37 fekk kong Kristian III utarbeidd ei ny kyrkjelov – ein kyrkjeordinans.

Ordinansen regulerte alt frå korleis prestane skulle lønast og korleis dei skulle preike, korleis gudstenester skulle haldast og korleis skulevesen, utdanning og fattigomsorg skulle organiserast.

Det var store skilnader i Danmark og Noreg i kva folk levde av, korleis folk budde, og kva slags avstandar og utdanningsmoglegheiter det var. Difor hadde Kristian ambisjon å laga ein eigen ordinans for Noreg, sidan så mangt var annleis her enn i Danmark.

Det vart berre med tanken for Kristian III. Han kom ikkje til Noreg, og han fekk ikkje utarbeidd ein norsk kyrkjeordinans. Barnebarnet hans, derimot, Kristian IV, var meir interessert. Han sette dei nye biskopane (superintendentane) i Noreg i gang med arbeidet, og hadde klart eit utkast i 1604. Dette ville ikkje kongen godta – han meinte det var for ulikt den danske ordinansen – og då den endelege norske versjonen vart vedteken i 1607, skilde den seg lite frå den danske.  

Kristian IV var konge i heile 60 år, frå 1588 til 1648. Han besøkte Noreg omlag 30 gonger, og i 1599 segla han kysten nordover til Kola-halvøya. Han grunnla byane Christiania, Kongsberg og Kristiansand, og under styret hans vart både bergverksnæringa og trelasthandelen utbygd.