1617

Trolldomsprosessar

Illustrasjon av Gulatinget i år 930
+
+

Trolldomsprosessar

Over heile Europa var det bølgjer av trolldomsforfølgingar på 1500- og 1600-talet.

Trolldomsprosessane fekk mange groteske utslag, der menn og særleg kvinner vart tiltalte og dømde for trolldom i ulike former. Mange fekk dødsstraff med «eld og bål».

Ideane om trolldom var gamle. Det var ei allmenn forståing av at satan var verksam i verda og testa menneska ut på ulike måtar. Samstundes var det mange magiske og mytiske førestillingar om kva for krefter som var i naturen, og korleis menneska kunne bruke desse, til både godt og vondt for seg sjølv og andre.  

Trolldom som vart utførd i pakt med djevelen vart gjerne kalla svart magi, medan den lækjande og hjelpande, som «signarar» eller kloke folk utøvde, vart kalla kvit magi. Kvit magi var lenge akseptert fordi den kunne føre til noko godt, men i 1617 sette kongen ein tydeleg strek over slik aksept med si nye trolldomsforordning. Der vart både kvit og svart magi stempla som straffbart; djevelpakt kunne føre til dødsdom, medan kvit magi vart straffa med bøter og forvising.

Mellom 1560 og 1700 vart om lag 770 tiltalte for trolldom i Noreg, og litt meir enn 200 av desse sakene enda med dødsstraff.