1645

Freden i Brømsebro

Illustrasjon av Gulatinget i år 930
+
+
+

Freden i Brømsebro

Etter å ha vore den sterkaste makta i nord tidleg på 1600-talet, snudde krigslykka for Kristian IV gjennom den europeiske Trettiårskrigen mellom 1618–48.

Maktbalansen i Skandinavia vart for alvor endra i favør Sverige ved freden i Brømsebro i 1645, der Danmark-Noreg mellom anna måtte avstå dei norske landskapa Jemtland og Herjedalen til Sverige.

For Noregs del var freden avslutninga på den såkalla Hannibalfeiden. Den fekk namnet sitt etter statthaldaren i Noreg, Hannibal Sehested, som i samband med krigshandlingane mellom Danmark-Noreg og Sverige fekk oppretta ein eigen norsk hær.

Sehested var riksråd, svigerson til Kristian IV og sett på som ein dyktig strateg. Sjølv om Sehesteds norske styrkar ikkje var nok til å hjelpe Danmark-Noreg til seier, vart mobiliseringa starten på ein fast, norsk hærorganisasjon. Denne kom til å bli flittig brukt i dei stadig pågåande konfliktane mellom Sverige og Danmark-Noreg på 1600- og 1700-talet.

Hannibal Sehested sin statthaldarperiode var prega av at han fekk sikra og utnytta norske ressursar, for å styrke kongen i kampen mot Sverige. Dette førde mellom anna til auka skattetrykk i Noreg, men samstundes vart delar av skattepengane også brukte i Noreg og gav med det eit visst norsk sjølvstende i høve danske interesser. Det var ikkje populært i det danske riksrådet, og i 1651 vart Sehested avsett som statthaldar og riksråd.