1660

Innføring av einevelde

Illustrasjon av Gulatinget i år 930
+
+

Innføring av einevelde

Einevelde – eller absolutisme – tyder enkelt fortalt at kongen har all makt, han er eineveldig.

I våre auge kan nok mange kongar i eldre tid framstå med tilnærma all makt, men i dei fleste statar i Europa styrde kongane på ei eller anna form for avtale med adelen og representantar frå eliten. I Danmark-Noreg var det eit riksråd, og ved tronskifte var det riksrådet som valde ny konge. Avtalen dei imellom med vilkåra kongen skulle styre på vart kalla ei handfesting.

Nettopp fordi ein ny konge skulle veljast, hadde adelen til tider mykje makt gjennom riksrådet. I praksis var det likevel sonen til far sin som vart ny konge i Danmark-Noreg – Kristian etterfølgde Fredrik som etterfølgde Kristian i fleire hundre år.

Utover 1600-talet greidde kongen å styrke makta si. Det var trass alt han som utnemnde nye medlemmar i riksrådet, og han fekk dei med på å skrive ut stadig nye skattar for å finansiere krigføringa og hær- og flåtestyrkane.

Med tida fekk Fredrik III kontroll over lojale offiserar, og ved å truge med å bruke hæren mot adelen, fekk han riksrådet med på å innføre arvekongedøme i 1660. Handfestinga frå 1648 vart verdilaus og riksrådet oppløyst. Fredrik var – til liks med ein del andre kongar i Europa – vorte eineveldig, og styreforma og arverekkefølgja vart fastsette i Kongelova av 1665.