1700 –1721

Den store nordiske krigen

Illustrasjon av Gulatinget i år 930
+
+
+

Den store nordiske krigen

Den store nordiske krigen føyer seg inn i rekka av gruelege krigar i tidleg moderne tid, og den dødelegaste som Noreg hadde vore del av.

Men då den endeleg var over med freden i Nystad i 1721, vart det også varig nordisk fred. Sverige si stordomstid var no forbi, medan Russland segla opp som den sterkaste makta i nord.

Frontane i krigen stod hovudsakleg mellom Sverige på eine sida, og høvesvis Danmark-Noreg, Russland, Sachsen-Polen på den andre. Koalisjonen gjekk til åtak på Sverige i 1700, men gjekk på store tap. Danmark-Noreg vart raskt nedkjempa allereie i 1700, men kom med att i krigen etter 1709.

Svenskane prøvde å invadere Noreg både i 1716 og 1718, utan å lukkast. I 1720 kom det tilfredslutning i Frederiksborg mellom Sverige og Danmark-Noreg.