1736 –1739

Konfirmasjon og allmugeskule

Illustrasjon av Gulatinget i år 930
+
+
+

Konfirmasjon og allmugeskule

På 1700-talet vart utdanning for alvor eit allment fenomen – det kom både som tilbod og påbod.

I 1736 vart konfirmasjon innført som «almindelig Regel og skyldig Pligt», og i 1739 kom lova om allmugeskulen – altså skuleplikt for alle på landsbygda, både jenter og gutar.

Sidan mellomalderen hadde skulegangen vore for dei få – gutane – som hadde ressursar rundt seg og i seg til å bli sendt på katedralskule. Desse skulane var knytt til domkyrkjene i bispebyane, og målet var å utdanne prestar. Etter reformasjonen vart dei gjerne kalla latinskular, og i tillegg til desse, vart det også på bygdene etterkvart i varierande grad undervist i kristendom.

Med einevelde og pietisme – og med eit stadig meir utbygd statsapparat som interesserte seg for liva til undersåttane – vart skulen ein viktig arena for oppseding i den rette kristne, statsbestemte trua.

I den tidleg-moderne staten og gryande opplysningstid, vaks også tankane om behovet for allmuge utdanning fram. I tillegg til kristendom, underviste allmugeskulane i lesing, skriving og rekning, medan på latinskulane var det også klassiske språk, morsmål, litteratur, matematikk, naturfag, historie og geografi.