1751

Lappekodisillen

Illustrasjon av Gulatinget i år 930
+
+

Lappekodisillen

Grensene for det norske riket lengst nord i Noreg hadde aldri vore heilt avklarte – korkje før reformasjonen eller etter at Danmark hadde lagt Noreg til som eit «ledemod» av det danske riket i 1536. Etter lange forhandlingar og fleire kommisjonar som gjekk seg gjennom grensområda midt på 1700-talet, vart endeleg statsgrensa mellom Danmark-Noreg og Sverige langs Kjølen og på Nordkalotten trekt i 1751.

Men grensa vart ikkje eit stengsel for samane. Dei hadde kryssa desse områda med reinflokkane sine i lang tid – på vinterbeite på vidda og i fjellområda, og på sommarbeite ute ved kysten og på øyane. I eit vedlegg til grensetraktaten, den såkalla «Lappekodisillen», vart samanes sedvanerett til å bruke desse områda slått fast, slik at dei framleis kunne flytte fritt fram og attende over grensa.

Lappekodisillen er vorte kalla samane si «Magna Carta», etter det engelske fridomsbrevet frå 1200-talet. Det er inga uproblematisk samanlikning, men det syner ei lovregulering som anerkjenner samane som eige folk, med grunnleggjande rettar og plikter, ikkje berre som undersåttar av det dansk-norske og svenske riket.

Såleis er det eit fridomsbrev for samar, og det har vore eit viktig dokument for framveksten av samiske rettar også no i moderne tid.