1811

Det Kongelige Frederiks Universitet

Illustrasjon av Gulatinget i år 930
+
+

Det Kongelige Frederiks Universitet

I 1811 fekk Noreg endeleg eige universitet i Christiania.

Etter ein lang kamp, som starta så smått allereie i 1661, måtte kongen imøtekoma krava frå norsk side – dei siste par åra ført særleg gjennom Det Kongelige Selskab for Norges Vel. Selskapet organiserte private innsamlingsaksjonar og forsøkte mobilisere alle lag av befolkninga, for å vise at kravet var noko nordmennene stod samla bak.

Kongen i København hadde vore skeptisk til eit norsk universitet. Både fordi det utfordra det sentraliserte læremonopolet i heilstaten, men dei siste åra også fordi kampen for eige universitet var vorte ei nasjonal kampsak for Noreg. Nordmennene var ikkje lenger interesserte i at berre danske embetsmenn, som ikkje kjente norske forhold, skulle få stillingar og posisjonar i Noreg.

Kamp for eige universitet var ein kamp for norske interesser og for at norske familiar sine håpefulle unge skulle likebehandlast md danskane. Kongen på si side frykta for at eige universitet kom til å nøre opp under norsk separatisme og utfordre den dansk-norske heilstaten.

Samstundes var kongen redd for å miste lojaliteten hjå dei unionsvenlege elitane i nord, og 2. september 1811 bøygde han av og oppretta eit «fuldstændigt Universitet» i Noreg. Det kom i drift i 1813, og dei første åra gjekk undervisninga føre seg ulike stader rundt om i Christiania, før bygga i sentrum – som framleis husar Det juridiske fakultet ved Universitetet i Oslo – stod ferdige i 1851.