Riksrettssak førte til folkestyre
I 1884 blei den norske regjeringa stilt for riksrett. Denne hendinga la grunnlag for innføring av parlamentarisme, det vil seie demokratisk fleirtalsstyre i Noreg.
Riksrett blir brukt når medlemmer av regjering, stat eller høgsterett er sikta for å ha utført straffbare handlingar i embetet. Stortinget meinte at kongen og regjeringa ikkje hadde lov å nekte å godkjenne ei endring av grunnloven som Stortinget hadde vedtatt.