Kampen for stemmerett lykkast
Norske kvinner fekk stemmerett femten år etter mennene. Samanlikna med mange andre land, var dette likevel tidleg. Kampen for kvinnestemmeretten hadde då vara over 30 år. Blant dei som engasjerte seg i dette arbeidet, er Anna Rogstad, Fernanda Nissen, Fredrikke Qvam og Gina Krog dei mest kjende. Som mennene fekk kvinnene først avgrensa stemmerett, ved kommunevalet i 1901 og stortingsvalet i 1907.