930

Gulatinget etablerer styringsorgan

Illustrasjon av Gulatinget i år 930
+
+
+

Gulatinget

Det fyrste tinget i Noreg!

Gulatinget er det eldste tinget i Noreg. I kongesoger kan ein lese at Håkon den gode «sette gulatingslovane». Det betyr nok ikkje at han oppretta Gulatinget, men at han bygde ut lovene og truleg formaliserte at samlingane skulle skje på Gulatinget.

Gulatinget var lovgjevande, utøvande og dømande makt for store delar av det ein i dag kjenner som Vestland, seinare også Valdres, Hallingdal og Setesdal.

Gulatinget var eit representasjonsting, der eit visst tal representantar stilte frå kvart fylke. Det var lagretten som dømde på tinget og tinget vart leia av lagmannen. Lagmannen var opphavleg ein mann vald blant bøndene. Han skulle seie fram dei relevante lovparagrafane til ei sak, såkalla «orskurd», som ein også i dag får lest i retten.

Det at det eksistert eit ting betyr ikkje at alle konfliktar vart løyste der. Det normale var at partane løyste konfliktar seg imellom, gjennom forlik eller gjennom hemn. Lova blei primært trekt inn dersom partane ikkje klarte å einast.