950

Leidangen oppretta av Håkon den gode

Illustrasjon av Leidangen, vikingskip på havet, verktøy og bål på fjell
+
+
+
+
+

Leidangen

Eit sjøforsvar bygd opp av lokalsamfunna!

Leidangen vart vedteken av bøndene på Gulatinget, truleg under kong Håkon den gode, midt på 900-tallet. Sjøforsvaret sin flåte kunne maksimalt brukast to månadar kvart år, og berre til defensiv krigføring innanfor Noregs grenser.

Leidangsordninga var organisert ut frå skipreider – lokale distrikt som hadde som ansvar å byggje, vedlikehalde og bemanne eitt leidangsskip. Skipreidene var igjen inndelte i manngerder, som hadde som ansvar å stille ein mann til flåten. Manngerdene besto av eit visst tal gardar som var ein del av ein grendekrets.