LANSERING AV HISTORIE-PODCAST ANNO 1024

LANSERING AV HISTORIE-PODCAST ANNO 1024

I går under Arendalsuka lanserte vi vår nye historie-podcast - ANNO 1024 - Ein podcast som tar for seg dei store spørsmåla rundt kristenretten og overgangen til ny religion.

Gjennom ni episodar skal vi framover diskutere hendingane på Moster i 1024 med nokon av dei fremste fagfolka vi har på feltet. Vi skal forklare kvifor det vi trudde vi visste kanskje ikkje er heilt sant, kor vi må flytte blikket for å forstå kva innføringa av kristendommen tydde for folk flest.

Episodane skal skritt for skritt bygge opp eit solid fagleg fundament og samstundes formidle kunnskap som er forståeleg og overraskande både for den historieinteresserte, allmenta, og elevar i vidaregåande skule.

Fyrste episode er ein samtale mellom professor i mellomlalderhistorie Anders Winroth, og religionshistorikar Øystein Morten, om kristen påvirking i Skandinavia frå 400-talet av og kvifor danske og norske konger sjølv ønskte å bli kristne på 900-talet. Du får også høyre om vikingkongane Olav Tryggvason og Olav Haraldsson og korleis Moster vart så sentral i norsk historie.

Podcasten finn du foreløbig på Apple og Spotify. God lytting!

Make your mark

Thoughts and ideas you have for the anniversary can become part of the anniversary celebration!

Les meir

Vinnar er kåra i kategorien "Novelle" i ytringskonkurransen HEIM!

.

Vinnar er kåra i kategorien "teikneserie" i ytringskonkurransen HEIM!

.

Vinnar er kåra i kategorien "sakprosa" i ytringskonkurransen HEIM!

.