Jubileumsveka
>
Bli frivillig

Bli frivillig

Endeleg opnar vi for påmelding som frivillig til Jubileumsveka og Moster 2024. Feiringa startar tysdag 28. mai og held på fram til søndag 02. juni.

Meir info om programmet finn du her.

Moster 2024 søker difor frivillige til mange ulike oppgåver og postar i Jubileumsveka. Dette vert ei stor og spanande feiring med arrangement, utstillingar, matopplevingar og mykje anna og det er stort behov for frivillige til alle slags oppgåver.

Dersom du ikkje er tilgjengeleg under sjølve gjennomføringa, frykt ei, vi treng alltid hjelp både før og etter. Nedanfor kan du sjå ei oversikt over dei ulike typane oppgåver ein kan søke på som frivillig. Og til høgre finn du søknadsskjemaet du brukar for å sende inn søknad. (På mobil ligg det under.)

NB: Vi har ei nedre aldersgrense på 15 år for frivillige. Men send ein mail om du ønskjer å bidra!

Påmeldinga er bindande og du vil få svar fortløpande.

Roller

Parkering

Parkeringsvaktenebidreg til god og trygg trafikkflyt under Jubileumsveka. Her er det ynskjeleg at du kan bidra fleire dagar slik at parkering og trafikk går som smurt heile veka og det ikkje er så store endringar i gruppa.

Matservering

Matservering gjeld hovudsakleg servering av mat til crew, artistar og gjester. Det kan òg være snakk om sal og servering i kiosk- og kafé. Denne gruppa kokar også kaffi og te og passar på at dette er på plass på dei ulike områda.

Runner

Ein runner er ein assistent som har som hovudoppgåve å bringe og hente utstyr og anna. Dette er ein til tider hektisk jobb så her er det lurt å like høgt tempo.

Teknisk og rigg

Teknisk og rigg er ein viktig jobb under Jubileumsveka. Det er mange som skal inn og ut av amfiet, samt at det er arrangement rundt omkring på Moster. Då trengs det hendige folk som er klare for nokre tunge løft og litt teknisk arbeid.

Transport

Det er svært mange som skal fraktast til og frå Moster i Jubileumsveka. Dersom du har bil og moglegheit til å stille opp som sjåfør er dette jobben for deg. Dersom du i tillegg ikkje har tid heile eller halve dagar kan vi likevel sette deg opp på dei køyreturane som passar.

Vakthald

Med så mykje folk og så mykje gjester er det naturleg at vi treng vakthald. Dette gjeld både på arrangementa som går føre seg og på området generelt.

Klar for alt

Dette er den såkalla potetposten, for dei som er klare for ei kva som helst oppgåve. Kanskje som runner ein dag og matservering ein annan eller noko heilt anna. Mange behov dukkar opp der og då, då er det godt med nokon som er «klar for alt».

Miljøpatrulje

Miljøpatrulje har ansvar for at området ser fint, ryddig og reint ut. Her vil det væra rutine på sjekk av mattelt, bossdunkar og toalett.

Jubileumsveka
>
Bli frivillig
Forside