Innsikt før «Oresteia» - eit samarbeid med Det Norske Teatret

Innsikt før «Oresteia» - eit samarbeid med Det Norske Teatret

Introduksjonen «Ætt, ære og hemn – Historia sin aktualitet i ei grenselaus framtid» ved det Norske Teatret

Onsdag 27. september kl. 19.00, heldt professor i rettshistorie, Jørn Øyrehagen Sunde, ein introduksjon før framsyninga «Oresteia» på Det Norske Teatret.

Introduksjonen var gratis, og eit samarbeid mellom Moster 2024 og Det Norske Teatret.

Kristenretten på Moster i 1024 sette for alvor i gang ei utvikling av det norske samfunnet bort frå ætt, ære og hemn som stabiliserande strukturar i samfunnet. Med Landslova av 1274 tok stat, nestekjærleik og bot over den samfunnsstabiliserande rolla. Dermed skulle ein tru at ein historisk epoke tok slutt. Men ætt, ære og hemn kan få sin renessanse i den digitaliserte verda. For når staten ikkje evnar å driva effektiv politikk som gjev individet vern, vil individ søkja saman i grupper som kollektivt verner om sin identitet og kjempar for sine rettar på sida av staten sine styringssystem for lover. Kristenretten er slik ikkje ein bauta i vår historiske utvikling, men ei påminning om utfordringar i vår samtid.

Her er ei videoinnsikt av introduksjonen Jørn Øyrehagen Sunde heldt.

Sett ditt preg på jubiléet

Tankar og idear du har til jubiléet kan bli ein del av jubiléfeiringa!

Les meir

Verdisamtalar i hovudstaden 7. februar

21
.
February
2024

Lansering av "Hendelsen som forandret Norge"

6
.
February
2024

MPG jr. vinnar William i studio for å lage jubileumslåt for barn og unge

25
.
January
2024