Prosjekt
>
ANNO 1024

Ein historie-podcast om Moster og det store religionsskiftet

Kva hende på Moster i 1024? Var det her Olav den heilage og hans biskop Grimkjell overtyda nordmenn om at kristendomen skulle vere den einaste tillate religionen i Noreg? Var det her dei grunnleggande reglane for kyrkje- og kongemakta blei debattert og skrive ned? Markerer Moster skiljelinjene der ville vikingar blei til lovlydige nordmenn? Eller var det noko heilt anna som skjedde? Ved terskelen til 1000-årsjubileet for innføringa av Kristenretten i 2024, bør vi reflektere over kva som eigentleg skjedde for tusen år sidan. Vi må sjå forbi mytane og forenklingane, gå til kjeldene og leite oss fram til kva vi faktisk veit om overgangen til kristendomen. Kor kom denne kristenretten som skal ha blitt vedtatt på Moster i 1024 frå?

Episode 1 - Kristendommen frå Romarriket til Moster:

Professor i mellomalderhistorie Anders Winroth og religionshistorikar Øystein Morten i samtale om kristen påverknad i Skandinavia frå 400-talet av og kvifor danske og norske konger sjølv ønskte å bli kristne på 900-talet. Du får også høyre om vikingkongane Olav Tryggvason og Olav Haraldsson og korleis den vesle øya Moster vart så sentral i norsk historie.

Episode 2 - Kva skjedde på Moster?

Det står skrive at Olav den heilage og biskop Grimkjell stadfesta kristenretten på Moster. Gjestene professor Torgeir Landro og professor Anders Winroth samtaler seg gjennom kjeldene til hendinga. Kan hende var kristenretten langt mindre og enklare enn kva folk trur. For Olav og Grimkjell måtte rette seg etter det samfunnet dei møtte i Noreg på 1020-talet. Samtalevert er Øystein Morten.

Episode 3 - Kristninga som ei hending i Knuts Nordsjøimperium:

Den engelske mellomalderhistorikaren Timothy Bolton meiner at eit dødsfall i England i 1023 kan ha ført til innføringa av kristenretten i Noreg året etter. Han peikar òg på at heilagegjeringa av Olav Haraldsson nokre år seinare handla om politisk propaganda arrangert av Knut den mektige. Samtalevert er den kjente svenske mellomalderhistorikaren Anders Winroth.

Episode 4 - Kva trudde folk i Noreg på før og etter 1024?

Kva skjer med eit samfunn som skifter religion? Denne episoden handlar om religionen i Noreg før og etter 1024. Om kultens rolle i det gamle norrøne samfunnet og kva som skjedde då ein internasjonal frelsesreligion sveipte over landet. Synet på menneska endra seg, naturen endra seg, oppfatninga av tida endra seg, men mykje vart òg med over i den nye trua, mellom anna synet på øldrikking som noko heilagt. Ein samtale mellom religionshistorikaren Gro Steinsland og teologen Torstein Jørgensen. Samtalevert er mellomalderhistorikaren Anna Elisa Tryti.

Episode 5 - Barneutbering, barsel og kvinners kår:

Religionshistorikaren Gunhild Røthe og Øystein Morten samtaler om dei konkrete skikkane og reglane som styrte folkereligionen før og etter kristninga med fokus på barneutbering, magiske ritual ved fødsel, barsel (barns øl), Maria-graut og kvinnekroppen etter fødselen i kristen tid.

Episode 6 - Ulovleg seksualitet før og etter kristninga: 

Endra synet på seksualitet seg etter kristninga på 1000-talet? Ære og skam i det norrøne samfunnet møter den kristne synda. Om synd, onani, ekteskap og skilsmisse. Om korleis synet på kroppen var vanskeleg å forstå på tvers av dei to religionane. Øystein Morten samtaler med dei to mellomalderhistorikarane Bjørn Bandlien og Anne Irene Risøy.

Episode 7 - Kva med samane i 1024?

Kva følgjer fekk religionsskiftet i Noreg ikring år 1000 for samane? Dei vart ikkje tvangskristna, i staden vart den felles samiske identiteten sterkare i møte med den nye kongemakta. Ein samtale med førsteamanuensis Miriam Tveit ved Nord universitet, og professor i arkeologi ved Universitetet i Tromsø, Bjørnar Olsen.

Du kan lytte til alle episodane anten på Spotify, Apple eller Podtail.

Podcasten er støtta av Stiftelsen Fritt Ord.

Fleire prosjekt

Jubileumslåta «FRIDOM»

«FRIDOM» er ein nyskriven pop-låt sunge av artisten William i forbinding jubileumsfeiringa på Moster med tilhøyrande dans. Premiere fredag 22.MARS!!!
Les meir

Jubileumskomposisjon «Elle Melle»

Ein komposisjon for unge musikantar i kulturskule og musikkorps skrive av Webjørn Sæther
Les meir

Jubileumsboka - Moster iz da thing!

Sakprosabok for unge om då Olav den heilage sette ting på Moster i 1024 (Lansering 10. januar, 2024)
Les meir

Mostratinget for unge

Eit demokrati og dialogprosjekt. Bli med å forme framtida!
Les meir

Moster-seminaret / UNG 2022

Status psykisk helse
Les meir

Ungdomsutveksling Erasmus +

Sommaren 2022 var 50 unge frå fire land samla på Bømlo!
Les meir

Moster-seminaret 2022

Er fridommen trua? - samtalar om lovverk, demokrati og menneskerettar i urolige tider
Les meir

Moster gamle kyrkje-prosjekt

Moster 2024 er med i eit spanande og viktig dokumentasjonsprosjekt av Moster gamle kyrkje.
Les meir

Podcast for barnehagen

Ein podcast for barn i førskule- og småskulealder!
Les meir

Generation Corona

Dokumentar-prosjekt om livet i koronapandemien.
Les meir

Tidsreisa

Opplev vår digitale tidslinje - frå vikingtid og fram til i dag!
Les meir