Verdisamtalar i hovudstaden 7. februar

Verdisamtalar i hovudstaden 7. februar

7. februar starta vi jubileumsåret i hovudstaden med eit gratis fagseminar og ein verdisamtale i Kulturkirken Jakob.

7. februar, var det første store offisielle arrangementet i 2024 for Moster-jubileet med verdisamtalen "Grunnlovens «kristne og humanistiske» verdier - verdier for alle?"

Samtalen starta med eit fagseminar med same tema, og blei heldt i den populære Kulturkirken Jakob i Oslo. Arrangementet på kvelden var eit samarbeid mellom Moster 2024, Norges Kristne Råd og Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn i Norge.

I programmet framførte skodespelar Svein Tindberg utdrag frå «Abrahams barn», samt artisten Marthe Valle bidrog med song. Begge tok etterkvart ein del i panelsamtalen, i etterkant av introduksjon om verdigrunnlaget og koplinga til kristenretten og 1000-årsjubileet, av professor i rettshistorie Jørn Øyrehagen Sunde.

Jørn Øyrehagen Sunde med Kari Alvsvåg Mangrud og Nancy Lystad Herz. Foto: Lina Hindrum
Kjersti Toppe i samtale med debattleiar Håkon Haugsbø til venstre, Marthe Valle og Kari Mangrud Alvsvåg til høgre. Foto: Lina Hindrum

Verdisamtalen blei leia av journalist Håkon Haugsbø, og andre deltakar var:

Kjersti Toppe, Barne- og familieminister

Kari Mangrud Alvsvåg, Biskop ved den norske kyrkje

Faruk Terzic, Imam (Muslimsk Dialognettverk)

Anne Sender (Det Moasiske Trossamfund)

Nancy Lystad Herz, seniorrådgjevar (Human-Etisk Forbund)

Yuhasinee Shankkar, leiar (AFUH - Arena For Unge Hinduer)

Arrangementet ble innleia og avslutta av generalsekretær i Norges Kristne Råd, Erhard Hermansen, og fung. generalsekretær Niels Fredrik Skarre.

Panelsamtalen under fagseminaret tidligere på dagen ble leia av teolog Trond Bakkevig, og deltakarane var:

Dag Michalsen, professor v/ Juridisk fakultet(UiO)

Bente Sandvig, spesialrådgjevar (Human-etisk forbund)

Kristin Gunleiksrud Raaum, generalsekretær i Norske kirkeakademier

Halvor Nordhaug, biskop emeritus i Den norske kyrkje

Usman A. Mushtaq, politikar, lege og Muslim.

Konferansier var M24 sin hovudkomiteleiar og prost, Svein Arne Theodorsen.

Frå venstre Trond Bakkevig, Bente Sandvig, Kristin Gunleiksrud Raaum, Halvor Nordhaug, Usman A. Mushtaq og Dag Michaelsen. Foto: Lina Hindrum

Make your mark

Thoughts and ideas you have for the anniversary can become part of the anniversary celebration!

Les meir

Vinnar er kåra i kategorien "Novelle" i ytringskonkurransen HEIM!

.

Vinnar er kåra i kategorien "teikneserie" i ytringskonkurransen HEIM!

.

Vinnar er kåra i kategorien "sakprosa" i ytringskonkurransen HEIM!

.