Kristenretten - kva var det nye på Moster i 1024?

«Det er no dinæst at me skal halde uppe alle dei kyrkjor og den kristendom som Olav heilage og Grimkjell biskop fastsette på Mostratinget og alle dei kyrkjor som sidan vart bygde.» Dette står det i Gulatingslova, altså landskapslova for Vestlandet. Den viser dermed uttrykkjeleg til Mostratinget, og det gjer den òg på nokre andre stader. (Gulatingslovi ved Knut Robberstad kap. 10 – heretter G 10). Og kristenretten slik den vart forma på Moster må òg ha vore grunnlaget for kristenrettane i dei andre landskapslovene i landet.

Kva viser dette sitatet? Det viser noko av det som var sentralt i det som vart drøfta og avtalt på Mostratinget i 1024. Det var særleg slikt som organiserte det kristna samfunnet. For kristendommen var alt komen til landet. No var kongemakta og kyrkja blitt så sterke at dei på Moster kunne drøfte med folket, eller iallfall med stormenn som representantar for folket, korleis samfunnet skulle ordnast. Grunnlaget vart lagt for kyrkjeleg institusjonsbygging. Særleg inneheldt den nye kristenretten slike pålegg som medførte arbeid og utlegg for folk. Det gjaldt vedlikehald av kyrkjer, løn til bispar og prestar, andre avgifter og bøter for dei som forbraut seg mot kristenretten. Skattlegging er som kjent grunnlaget for all høgare samfunnsbygging og kristenretten slik den vart forma på Moster var i eit visst perspektiv skipinga av eit skattesystem.

Eit anna døme gjeld nettopp presteløn: «Me skal gjeva prestane slik levemåte som Olav heilage og Grimkjell biskop etla til på Mostratinget» (G 15).

Og bøtestraffer var det nok av. Dei var samstundes oppdragande og ei inntekstkjelde. Til dømes om sundagshald: «Då skal folk ikkje arbeida, korkje fiska eller veida fugl og ikkje onna på åker eller eng». Og den som «vert sannskyldig i at han arbeider på sundag, han skal bøta 6 øyrar og gå til skrifte og gjere kyrkjebot» (G 16). Ei anna bot gjekk på maten: «Den som vert sannskyldig i det at han et kjøt på fredag, han skal bøta 3 øyrar til biskopen, utan han et i vankunne» (G 20). Og gjer han det oftare, er bota høgare. Dette disiplinerte samfunnet. Men reglane var ikkje nådelause. Den som åt kjøt i langfasta skulle betale bot «utan han et av naud og ikkje har annan mat». Og får han ikkje bytt seg til annan mat «skal han eta kjøt og soleis berga livet; for heller skal han eta hund enn hund skal eta han» (G 20).

Kristenretten var ein viktig del av lovene. I Gulatingslova står den fremst og fyller 37 av 290 sider, i Frostatingslova (ved Jan Ragnar Hagland og Jørn Sandnes) 34 av 217 sider. Den var tenkt som sjølve grunnlaget for lovene. Første kapittel i Gulatingslova byrjar med dei kjende orda: «Det er det fyrste i lovene våre at me skal bøygja oss mot aust og beda til den heilage Krist um godt år og fred…»

Moster i 1024 var dermed eit viktig steg i bygginga av den sentrale samsfunnsinstitusjonen  som kyrkja blei og i å innføre like reglar i heile landet, som var med å forme nordmenn for hundrevis av år framover.