Kva var det nye i 1024?

Mostratinget vert gjerne omtala i nokså omtrentlege vendingar, og det er ikkje uvanleg å lesa at Olav den heilage og biskop Grimkjell fekk grunnlagt ein kyrkjeorganisasjon på Mostratinget, eller at ein kristenrett vart vedteken. Denne kristenretten har ein også ved hjelp av ulike metodar forsøkt å rekonstruera. Men på grunn av kjeldesituasjonen veit ein eigentleg svært lite om kva som faktisk gjekk føre seg på Mostratinget. 

Den såkalla Kulisteinen tyder på at det har funne stad eit avgjerande tingvedtak tidleg på 1020-talet, innanfor Olav si regjeringstid. Steinen inneheldt ein inskripsjon som er datert til 1030-talet, og inskripsjonen fortel at kristendomen hadde vore i landet i tolv vintrar. I seinare år har inskripsjonen vorte nytolka til «Tolv vintrar hadde kristendomen betra (ting) i Noreg» (Hagland 1998); ei nyansering som i endå større grad talar for at eit tingvedtak faktisk har funne stad; eit vedtak som ein i samtida har oppfatta som eit tidsskilje. Sjølv om landet allereie hadde motteke kristne impulsar i fleire hundre år, og kristningskongar som Håkon den gode og Olav Tryggvasson hadde gått i førevegen, kan det ifylgje Kulisteinen sjå ut for at nett denne hendinga markerer noko avgjerande nytt. 

Om det no er Mostratinget Kulisteinen skulle referera til; kva stod så på dagsorden på dette tinget? Om ein forsøkjer å rekonstruera sjølve sakslista på Mostratinget, vert utfordringane straks større. Den skriftlige kjelda som hyppigast refererer eksplisitt til Olav, Grimkjell og Mostratinget, er Gulatingskristenretten for det vestnorske lovområdet. Men desse tilvisingane er etter alt å døma innførte i andre helvta av 1100-talet, då Olav si lovgjevingsverksemd hadde fått mytiske dimensjonar, og er såleis ikkje truverdige utan vidare. Absalon Taranger forsøkte i si tid med andre innfallsvinklar, og argumenterte for at norske kristenrettar slekta på angelsaksisk kyrkjerett, og kopla denne slektskapen saman med Olav sitt opphald i England (Taranger 1890). Taranger hevda også at dei fire norske kristenrettane inneheldt ein felles kjerne av lovreglar, og at denne felleskjernen måtte ha sitt opphav nettopp i Olav og Mostratinget. Endeleg peika han ut den austnorske Borgartingskristenretten som ein prototype av Olav sin kristenrett. 

Fleire forhold talar imidlertid for å tona ned det kvantitative omfanget av Olav sitt lovvedtak, eller sagt med andre ord: sjølve sakslista frå Mostratinget bør nok kortast ned. For det fyrste er det openbert at Borgartingskristenretten og dei andre kristenrettane inneheldt langt meir av seinare tillegg og «andre generasjons-lovstoff» enn Taranger rekna med (Landro 2010). Kristenrettane som ligg føre i skriftleg form, føreset ein relativt velutvikla kyrkjeorganisasjon; eit moment som leier over til den neste innvendinga: tek ein omsyn til dei institusjonelle tilhøva i Noreg tidleg på 1000-talet, må det setjast eit spørsmålsteikn ved om desse landskapa var i stand til å absorbera eit så omfattande og til dels detaljregulerande lovvedtak som tidlegare forsking har sett føre seg. Vedtaket på Mostratinget vart etter alt å døma formidla munnleg, inn i eit skriftlaust samfunn med eit fåtal geistlege utan nokon kyrkjeorganisasjon i ryggen. Både praktiske og pedagogiske omsyn talar for at ein ikkje kunne gå for detaljert til verks under slike tilhøve. Det islandske samfunnet, som med omsyn til institusjonelle forhold og kjennskap til kristendommen truleg låg på eit samanliknbart modningsnivå, hadde vel 20 år tidlegare gjort sitt Alltingsvedtak og innført kristendommen. Dette lovvedtaket var imidlertid svært kort, og består berre av tre-fire korte paragrafar. Vel hundre år seinare, då den islandske kristenretten vart nedskriven, var stoda naturleg nok annleis, og lovmaterialet langt meir omfattande og utfyllande. Dette utviklingsforløpet kan sannsynligvis overførast til norske forhold. Dei norske kristenrettane er truleg nedskrivne kring 1100, og speglar nok meir av den kyrkjerettslege og -organisatoriske utviklinga som fant stad i etterkant av Mostratinget, enn sjølve Mostratingsvedtaket. I 1024 har ein nok nøydd seg med eit overordna prinsippvedtak, og moglegvis drøfta nokre få, viktige emne. På Island var det til dømes berre dåp, barneutsetjing, eting av hestekjøt og privat bloting som vart diskutert i 999/1000. Kan hende har vedtaket frå Mostratinget hatt eit liknande omfang og innhald. 

Flyttar ein derimot fokuset mot langtidsverknadene av Mostratinget, er det ikkje urimeleg å forstå Mostratinget som startskotet for ei gjennomgripande samfunnsomforming. Ved dette vedtaket fekk kristendommen for alvor innpass, og fekk gradvis og i stadig meir organiserte former gjennomsyra samfunnet. Med norm- og verdigrunnlaget henta frå ein religion, som i mellomalderkyrkjas skapnad hadde ambisjonar om å regulera dei fleste sider ved tilværet, frå fødsel til død, vart kvardagen omsnudd i høve til kultus, mat, arbeid, ekteskap- og seksualliv med meir. Dette understrekar eit anna, viktig poeng: den kristendommen som vart innført i Noreg frå 1000-talet og utetter, kom i lovs form, og vart fremja ved påbod og forbod. Med andre ord var det fyrst og fremst den ytre åtferda som vart forsøkt regulert, og trussanningar og lærespørsmål spela nok ei underordna rolle, i alle fall i fyrstninga. I kva grad dette «sedskiftet» etter kvart har trengt inn i og påverka også det indre sjelelivet, ligg i det uvisse.

 

Litteratur:

Hagland, Jan Ragnar. 1998. Innskrifta på Kulisteinen: Ei nylesing ved hjelp av Jan O. H. Swantessons mikrokarteringsteknologi. I Audun Dybdahl og Jan Ragnar Hagland (red. ), Innskrifter og datering. 129-139. Senter for middelalderstudier, Skrifter nr. 8. Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet. Trondheim, Tapir forlag.

Landro, Torgeir. 2010. Kristenrett og kyrkjerett. Borgartingskristenretten i eit komparativt perspektiv. Upublisert PhD-avhandling. Universitetet i Bergen. 

Taranger, Absalon. 1890. Den angelsaksiske kirkes indflytelse paa den norske. Kristiania, Den norske historiske forening.