Olav den heilage og kristenretten på Moster i 1024

Det var gode grunnar til å drepa Olav 1. den heilage på Stiklestad. Han utfordra gamal sedvane og gamal makt med kristenretten på Moster i 1024 gjennom å prøva å gjera seg til konge i tradisjonen etter Karl den store. Det var fleire hundreår for tidleg. Fyrst med kong Magnus 6. Lagbøter og Landslova av 1274 var Norge klar for sentralisert makt og riksdekkjande lovgjeving basert på ein idé om at alle er del av same menneskelege fellesskapen.

Kristenrett er eit norsk, svensk og islandsk fenomen. I utgangspunktet var det slik at når eit område vart kristna og kyrkja etablerte seg som institusjon, så vart kyrkja sine reglar brukt. Det fyrste spor etter kyrkjelege lovreglar finn ein alt i Apostlane sine gjerningar i Bibelen, og vart seinare utvikla gjennom kyrkjemøte til eit omfattande regeleverk som vart nytta i heile det katolske Europa.

Unnataket var altså lengst nord i Europa. Årsaka var at lovreglar ikkje var legitime om dei ikkje var forhandla fram på tinget. På tinget møtte dei bufaste med eigedom, som vart kalla bønder. Dette var hovudsakleg menn, men kvinner som arva odelsjord fekk ein manns posisjon i samfunnet.

Kristenrett var altså resultatet av dei reglar som kyrkja la fram på tinget for vedtak. Den katolske kyrkja opna for regionale tilpassingar, slik at kyrkja sine reglar var ikkje heilt dei same over alt. Men tinget var til tider ein tøff forhandlar. Til dømes var det i deler av Norge lov etter kristenretten å nauddøypa barn i øl, noko som gjorde paven forferda når det koma han for øyra.

Kristenretten på Moster i 1024 kom til nettopp gjennom forhandlingar mellom Olav den heilage og tinget. Men det er mykje som er usikkert med kristenretten på Moster, sidan dei fleste kjeldene til hendinga er minst 150 år yngre. Det ein kan vera ganske sikker på, er at det rundt 1100hadde festna seg ein tradisjon for kva som var vedtatt på Moster som Olav som kristenrett. Dette fordi det i kong Magnus 5. Erlingsson sitt namn vart gjort endringar i det ein meinte var Olav sin kristenrett i 1163/1164.

Innhaldet i kristenretten var i seg sjølv kontroversielt for dei som ikkje alt var kristna. Det som ser ut til å ha vore minst kontroversielt, har vore bygging og vedlikehald av kyrker og andre kyrkjestrukturar. Det fanst alt ein godt organisert bygdeoffentlegheit som alt hadde erfaring med felles prosjekt som vegar. Den hadde òg erfaring med å disponera over felles midlar for bygdefellesskapen. Så når bøndene saman med kyrkja skulle reisa kyrkjebygg eller forvalta deler av kyrkjeskatten til fordel for dei fattige, var det for dei truleg bare gamal praksis i nye former og i større skala. Likevel skapte kyrkjebygginga ein riksdekkjande infrastruktur som etter kvart samla det norske riket religiøst før det vart verkeleg samla politisk.

Meir kontroversielt har det vore å endra gamle skikkar. Med kristenretten på Moster forsøkte ein å forby barneutbering. Det vil seia at det for eksempel skulle vera forbode å leggja uønskte barn ute i villmarka for å døy. Men fullt gjennomslag fekk ikkje forbodet under forhandlingane med tinget. For sterkt funksjonshemma barn skulle i staden takast til kyrkja, døypast, leggjast i eit hol på kyrkjegarden, og når det ikkje lagde lyd lenger skulle det gravleggjast der.

Kristenretten på Moster omfatta òg ekteskapsreglar, og her var gjennomslaget for kyrkja mindre. Kyrkja ønskte at kvinner sitt samtykkje var avgjerande for eit ekteskap, og ikkje ein avtale far eller brør hennar gjorde med brudgommen sin familie. Men det var bare fattige kvinner som stod friare til å inngå ekteskap etter kristenretten på Moster. Den innehaldt og ganske vidtrekkjande skilsmissereglar, som seinare falt bort når kyrkja fekk meir makt i høve til tinget.

Det er usikkert i kva grad det vart laga mange lovreglar om trælar, eller slavar, på Moster i 1024. Men ved å krevja at kvar region skulle gje ein træl fri sommarstid, og at utgiftene med frigjevinga skulle utliknast på alle regionen, gav kristenretten på Moster eit bidrag tilhaldningsendring: Frigjeving av trælar var eit gode, og ein måtte felles bera utgiftene med frigjevinga.

Både barneutbering og fridom for fattige kvinner i ekteskapsspørsmål, utfordra den regionale makteliten i liten grad. Dette vedkom helst dei lågare nede i samfunnshierarkivet enn dei som møtte på tinget på Moster. Frigjeving av trælar utfordra derimot det økonomiske fundamentet for deira makt, og kan vera årsaka til at det ikkje ser ut til å ha skjedd så mykje på dette området. Minst like ille var nok den nye fellesskapen som kristenretten på Moster i 1024 innførte.

Bak kristenretten på Moster ligg den enkle tanken om at alle menneske er skapt av Gud. Dermed har alle noko til felles, og er del av same Gudsdyrkande fellesskapen. Difor skulle alle døypast etter same rituale, alle skulle koma til messe, alle skulle fasta dei same dagane, alle skulle gravleggjast på den same kyrkjegarden. Dette var heilt i strid med den rådande sosiale orden, der odelsbonden gjerne vart lagt i haug etter sin død, medan trælen kanskje vart kasta i ei myr.

Denne nye sosiale ordenen må den gamle eliten ha følt trugande. Men enno verre var det at kristenretten vart vedtatt på Moster. Det norske riket hadde på byrjinga av 1000-talet etablerte lagting som Gulating for Vestlandet og Frostating for Trøndelag. I tillegg til dei fanst det viktige regionale ting, som til dømes for Hålogaland og Ryfylke. Det å laga eit nytt ting var å setja til sides gamla makt, og prøva å laga ein ny, kongevenleg maktelite sentrert rundt eit nytt, riksdekkjande ting.

For Olav den heilage var dette eit viktig maktgrep. Truleg fekk han ideen under sine opphald i Rouen i Normandie, der han vart døypt. Ved hertugen og erkebiskopen sitt hoff var Karl den store, kristne herskaridealet, som viste si makt gjennom å gje lover for heile territoriet han herska over. Det var slik riksdekkjande lovgjeving Olav den heilage truleg freista å gje på Moster i 1024.

Dette kan vi ikkje vita sikkert. Men vi veit for eksempel at Olav den heilage namnet Magnus passa godt for sonen hans, eit namn som viser tilbake til Karl den store, som på latin vart kalla Carolus Magnus. Og vi veit for eksempel at han gav mennene sine gåver åttande dag jul, som den store franske kongen hadde gjort.

Det er altså grunn til å tru at Olav den heilage sine ambisjonar var store, og at kristenretten på Moster viste den gamle makteliten kva slags kongsmakt han forsøkte å etablera. Både innhaldet i kristenretten og måten den vart vedtatt på, var eit trugsmål mot deira eiga makt. Tida var ikkje moden for Olav den heilage sine maktambisjonar, og slaget på Stiklestad står i ettertid nesten fram som eit varsla nederlag.

Kristenretten på Moster fekk derimot langtidsverknad. Når kong Magnus 6. Lagabøter i 1274 gav ei Landslova, var det i følgje kongen eit framhald var Sankt Olavs lov og rett, slik helgenkongen sine ettermenn på trona hadde endra den, og slik bøndene på tinget hadde samtykt til.