Reising av krossen på Vetahaugen

I 1924 var det 900 år sidan kristenretten vart vedteken av biskop Grimkjell og Olav Haraldson på Moster i 1024.

I samband med jubileet i 1924, vart det teke initiativ til at det skulle reisast ein minnekross på Vetahaugen. Moster Mållag tok initiativet til å få reist denne krossen. Formann var lærar Ulltang. Han tok kontakt med brødrene Magnus og Bernt Karlsen på Foldrøy. Dei hadde jobba med å ta ut granittstein og var van med dette. Ulltang tok dei med rundt på Moster og såg på ein del steinar. Ein av stinane dei såg på var "Ja-steinen" ved Eikeland, men dei fann ikkje stein på Moster som passa til føremålet. Bernt Karlsen hadde jobba i eit steinbrot på Halsnøy, og han meinte at der ville det vera stein som dei kunne laga kross av. Steinen skulle vera av ein viss storleik og det var bestemt korleis den skulle vera. Dei tok kontakt med Fjellberg kommune og spurde om dei kunne få ta ut stein til å laga kross av. Fjellberg kommune gav steinen gratis.

Brørne Karlsen tok ein fering med alt verktøy og sigla inn til Halsnøy, og gjekk ut på ettermiddagen i gong med å ta ut stein. Ut på kvelden same dag var den lengste steinblokka sprengt ut. Måten dei tok ut steinblokkene på var at dei laga hol med minebor og meisla i tett avstand ca. 7–8 cm. Så brukte dei jernkilar til å sprengja ut blokkene med. Her måtte dei vera varsom så ikkje steinen vart øydelagd. Då steinane var klar, fekk dei låna ei pram med hane på hjå Gunvald Ottesen i Sagvåg. Lars Stokka frå Siggjarvår slepte prammen til Mosterhamn.

No sto dei framfor ei vanskeleg oppgåve. Korleis skulle dei få desse tunge steinblok-kene opp på Vetahaugen.

På Moster hadde dei samla mange sterke menn. Dei fekk steinen opp på ei tralle og drog den opp mot gamlakyrkja. Der var dei uheldig og mista steinen av tralla. Då var det ein av medhjelparane som meinte at der kom den til å bli liggjande.

Men med mykje strev fekk dei steinen opp på tralla igjen, og kom fram til der oppstiginga til Vetahaugen byrja. Her frå vart steinane dregen med rå handamakt oppover mot haugen. På dei tyngste plassane brukte dei taljer. Dette var same slags taljer som dei brukte då dei skulle kjølhala båtar. Då steinane var komen opp var det stor jubel mellom dei som hadde vore med. No vart steinane finhoggen før dei vart sett samen og krossen reist.

Sidan den gongen har krossen stått på Vetahaugen som eit minne om då kristendomen kom til Norge.