Moster 2024 feirer fortida og formar framtida!

Mitt og ditt 1000-årsjubilé

I 2024 markerar vi at det er 1000 år sidan Olav Den Heilage innførte Kristenretten på Moster. Med dette feirer vi starten på rettsstaten og demokratiet Noreg.

Eit 1000-årsjubilé for barn og unge

Er eit 1000-årsjubilé for heile landet som har eit ekstra fokus på barn og unge, då det er denne generasjonen som skal forma framtida.

Eit 1000-årsjubilé som deltar i debatten!

Vil fokusere på verdiane Noreg er bygd på og lyfte fram den store samtalen om kva Noreg skal vere i framtida, og skal både vere ein folkefest og leggje til rette for debatt om samfunnet vi lever i.

Eit 1000-årsjubilé for heile Noreg

Moster 2024 skal famne heile Noreg. Vårt mål er å skapa stor aktivitet med høg grad av medverknad, dialog og prosjekt retta mot ulike målgrupper. Verkemidla og prosjekta skal være mange, og vil breie seg langt utover det lokale og regionale nivået, og ta plass på ei rekke samfunnsområde.

Verdidebatt

Hovudføremålet med jubiléet er å løfta fram verdidebatten i Noreg gjennom å skapa ein reell, konstruktiv og open samtale om korleis vi som individ og samfunn skal forma framtida.

Barn og unge

Det er barn og unge som er hovudmålgruppa for Moster 2024, då det er desse som skal forme framtida. Derfor er det viktig for oss å skapa gode arenaer for å utrykke seg for denne målgruppa.

Sett ditt preg på jubiléet

Tankar og idear du har til jubiléet kan bli ein del av jubiléfeiringa!

Foreslå noko til jubiléet