Kristenretten enkelt forklart

1

Kristenrett

Kristenrett er ei samling av dei reglane ein må følgja for å leva eit kristent liv. Kristenretten vedtatt på Moster i 1024 innehaldt difor reglar om alt frå dåp og gravferd, om faste og kyrkjebygging, om heilagdagar og gjerehald rundt kyrkjegarden, til pliktene til biskop og prestar, og om trolldom.

Det var kyrkja som styrte den åndelege delen av samfunnet, medan kongen styrte den verdslege delen. Difor var det kyrkja som gav kristenrettsreglar. Men på byrjinga av 1000-talet i Noreg var kyrkje- og kongsmakt som statsmakt enno bare i støypekeia. Difor var kristenretten på Moster eit samarbeidsprosjekt. Det var biskop Grimkjell som laga kristenretten, medan det var kong Olav den heilage som sikra at den vart vedtatt.

Kristenretten vedtatt på Moster var truleg bare ein del av eit større lovgjevingsprosjekt, som òg omfatta ein handels- og kontraktrett og ein ekteskapsrett, og kanskje til og med reglane for trælhald. Bakgrunnen for det, var at kristninga gjorde at mange livsområde måtte endrast og få nye lover for ikkje å koma i konflikt med den nye trua.

2

Æve og det timelege

Med kristninga kom ideen om at det finst noko som er rett, heilt uavhengig av maktforholda i samfunnet. Det var den retten som sprang ut av Gud og var lagt inn i skaparverket.

Dette var den evige og overordna retten som menneske måtte innordna deg. Ein kunne difor ikkje vedta dei lovene ein ville, men måtte lovgje i tråd med Guds vilje. Dette gjorde at svake grupper i samfunnet, som ikkje hadde makt til å påverka kva som var rett, kunne få rettar og vern likevel. Dette gjaldt til dømes kvinner og trælar.

Dette er ein tankegong som vi i dag finn som grunnlaget for Dei europeiske menneskerettane.

3

Makt og rett

Det finst reglar i den eldre Gulatingslova som peikar tilbake på eit samfunn der makt gav rett. Men dei aller fleste reglane vitnar om ei ny tid når samfunnet tok ansvar om dei svakaste.

Den revolusjonerande ideen var at alle er skapt i Guds bilete, og difor var ein del av same fellesskapen, og av den grunn har plikt til å ta vare på kvarandre. I Kristenretten frå Moster, og lovgjevinga som høyrer saman med den, har ein reglar om korleis ein træl kan bli fri, om straffefritak for mentalt sjuke drapsmenn, om kvinner sin rett til å vera med å bestemma kven dei skal gifta seg med, og om fredeleg løysing på handelskonfliktar.

Omsorgsplikt for svake samfunnsgrupper er i dag ein grunnleggjande tanke i velferdsstaten.

4

Individ og ætt

Det var kvar og ein som var skapt i Guds bilde. Ut frå denne ideen vaks det ikkje bare fram ei plikt til å ha omsorg for dei svakaste, men òg ein idé om individet. Då kristenretten vart vedtatt på Moster i 1024, var Noreg eit ættesamfunn.

Ætta var den utvida familien. Ætta strekte seg helt ut til sjette ledd, som vil seia etterkomarane av eins tipp-tipp-tippoldeforeldre. Kven du var som person, og kva rettar og plikter du hadde, vart avgjort gjennom kva ætt du var knytt til. Tanken om at alle var skapt i Guds bilete, og om at frelse var individuell, gjorde det mogeleg å bli eit individ med rettar og plikter uavhengig av familien.

Sjølv om det var ein svært lang veg fram, ser ein i kristenretten på Moster kimen til vår individforståing i dag.

5

Representasjon og ombodsplikt

Kristenretten på Moster inneheld reglar om Gulating som eit representasjonsting. Det vil seia at dei ulike regionane sende sine representantar til Gulating, som skulle følgja opp og bruka kristenretten vedtatt på Moster, og laga nye lover.

Truleg for at ikkje bare dei rikaste skulle delta i samfunnsstyringa, fanst det reglar om korleis ein skulle gje representantane kostgodtgjersle. Dei som vart peika ut til å representera si region på tinget, hadde plikt til å reisa, og vart bøtelagt om vedkomande ikkje gjord det.

På riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 var mange opptatt av at dei skulle gjenskapa demokratiet på Gulating, slik det er skildra i kristenretten på Moster i Gulatingslova. Gulating var ikkje eit moderne demokrati. Men som inspirasjonsgrunnlag for Grunnlova av 1814 kan ein altså likevel lenka det til vårt representative demokrati med ei streng møteplikt for representantane på Stortinget.