Sakprosabok for unge om då Olav den heilage sette ting på Moster i 1024
På bestilling frå Moster 2024 har Bjørn Sortland skrive ei humoristisk og informativ bok som skildrar kva som skjedde på Moster i 1024.
«Moster iz da thing» er lettlest og gøy - trass i viking-vald, kamp, kjærleik og daud. I tillegg til historiske fakta, gir Sortland og den oppdikta skalden Sivert lesaren eit større perspektiv på vår nasjonale og lokalehistoriske kulturarv, og viser til kvifor vi kan sjå på denne hendinga som ein viktig del av samfunnsutviklinga for tusen år sidan, og starten på demokratiet i Noreg.
FORFATTAR: Bjørn Sortland
ILLUSTRATØR: Egil Nyhus
TEMA: Lokalhistorie, fakta, kulturarv, vikingar, religion, kjærleik, samfunn, lov og rett, lovutvikling, humor, spenning
LENGDE: 90 sider
ALDER: 6 – 9, 9 – 12 år (Kjekk for vaksne òg)
PRODUSERT AV: Moster 2024 AS / Piggsvin Forlag
SKL AS gav tilskot til utvikling av boka.
Kjøp boka her!
Boka blei hausten 2024 tatt inn i Kulturdirektoratet si innkjøpsordning for sakprosa for barn og unge. Ho er no tilgjengeleg ved alle bibliotek rundt om i landet.