Prosjekt
>
Moster-seminaret / UNG 2022

Moster-seminaret / UNG 2022

Status psykisk helse

Moster-seminaret / UNG - 2022

Etter to år med nedstenging, pandemi, og no ny krig mellom Russland og Ukraina, ønskjer Bømlo ungdomsråd i samarbeid med Moster 2024 AS å setje lys på kor viktig det er å prate om vår psykiske helse. Vi inviterer difor ungdom og vaksne til å bli med på føredrag og panelsamtale med influensarar og føredragshaldarar i Bømlo Kulturhus. Her vil de møte Helsesista Tale Maria Krohn Engvik, Benjamin Silseth og Svein Olav Langåker, i tillegg til verksemdleiar for psykologiske tenester i Bømlo kommune, Linda Hellen, representantar frå Redd Barna sin ungdomsorganisasjon Press, og Rådet for psykisk helse. Seminaret varar i 2,5 timar inkludert pause. Det vil også vere innslag av underhaldning frå lokale talent.

OM FØREDRAGSHALDARANE:

Svein Olav Langåker er redaktør for Framtida Junior og dagleg leiar for Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Han var inntil nyleg redaktør for nyhende- og debattavisa for unge, Framtida.no. Han bur på Stord, og er far til to ungdommar på 14 og 18 år. Svein Olav skal halde i trådane på dette ungdomsseminaret og vere ordstyrar for panelsamtalen saman med representantar frå ungdomsrådet til Bømlo kommune.

Tale Maria Krohn Engvik hadde vore helsesøster i Oslo kommune i fem år, da ho på tampen av 2016 opna snapchatkontoen «Helsesista». Ho har no over 200 000 abonnentar på snapkanalen sin, og med ein dundrande miks av seriøs kunnskap, humor og personlegdom, spreier ho Helsesista sitt bodskap. I år kom ho også ut med boka «Våg å være voksen» som kan hjelpe vaksne å forstå ungdommen sin mentalitet betre. I dette seminaret vil Tale halde eit foredrag om tema mange unge kontaktar ho for. Tankar og kjensler rundt seg sjølv og andre. Det handlar om kropp, presentasjonar, status og når alt berre blir kaos.Det handlar om den ein vel å vere i møte med andre menneske. Tale ønskjer å inspirere, få publikum til å tenkje, våge å vere, og våge å be om hjelp. Tale er blitt tildelt 12 prisar for sitt arbeid som Helsesista. Blant dei er Redd Barnas Rettighetspris i2017 og Tabuprisen 2018.

Benjamin Silseth, psykolog og kjent tv- og podcast profil, har ein draum om at alle skal få ein fastpsykolog, på same vis som fastlege. Benjamin engasjerer seg spesielt i psykisk helse hos barn og unge, og ønskjer meir fokus på openheit, mestring og grensesetting. Han pratar mye om betydinga av skeive sine rettar, mangfald og om synleggjering. Han driv også med funksjonell familieterapi, og har samtaler kor både ungdom og foreldre deltar. I dette foredraget vil han leggje vekt på korleis ungdommen kan bli høyrt og forstått av foreldra sine. Han vil prate om vår fridom som individ, og korleis ein kan få meir forståing av seg sjølv og andre.

Moster-seminaret / UNG mottar støtte frå Stiftelsen Dam og gjennomførast i samarbeid med Bømlo ungdomsråd, Rådet for psykisk helse og Bømlo Kulturhus.

Fleire prosjekt

«Frå makt til rett - kven har makt?»

Ny permanent utstilling i Moster Amfi laga til 1000-årsjubileet
Les meir

Jubileumslåta «FRIDOM»

«FRIDOM» er ein nyskriven pop-låt sunge av artisten William i samband jubileumsfeiringa på Moster med tilhøyrande dans. Premiere fredag 22.MARS!!!
Les meir

Jubileumskomposisjon «Elle Melle»

Ein komposisjon for unge musikantar i kulturskule og musikkorps skrive av Webjørn Sæther
Les meir

Jubileumsboka - Moster iz da thing!

Sakprosabok for unge om då Olav den heilage sette ting på Moster i 1024 (Lansering 10. januar, 2024)
Les meir

ANNO 1024

Ein historie-podcast om Moster og det store religionsskiftet
Les meir

Mostratinget for unge

Eit demokrati og dialogprosjekt. Bli med å forme framtida!
Les meir

Ungdomsutveksling Erasmus +

Sommaren 2022 var 50 unge frå fire land samla på Bømlo!
Les meir

Moster-seminaret 2022

Er fridommen trua? - samtalar om lovverk, demokrati og menneskerettar i urolige tider
Les meir

Moster gamle kyrkje-prosjekt

Moster 2024 er med i eit spanande og viktig dokumentasjonsprosjekt av Moster gamle kyrkje.
Les meir

Podcast for barnehagen

Ein podcast for barn i førskule- og småskulealder!
Les meir

Generation Corona

Dokumentar-prosjekt om livet i koronapandemien.
Les meir

Tidsreisa

Opplev vår digitale tidslinje - frå vikingtid og fram til i dag!
Les meir