Ny permanent utstilling i Moster Amfi laga til 1000-årsjubileet
I samband med 1000-årsjubileet for innføring av kristenretten gjekk Moster Amfi- og Kyrkjehistoriske senter og Moster 2024 saman om etablering av ei ny permanent utstilling i nybygget til Moster Amfi. Utstillinga fekk tittelen «Frå makt til rett - kven har makt?» og har som mål å teikna eit bilete av korleis verdiar, samfunn, lovar og maktstrukturar har endra seg gjennom 1000 år.
Sentralt i utstillinga er Tingsteinen, som i utstillinga symboliserer makta. Samtidig kommuniserer steinen noko varig, opp mot det flyktige. Steinen består, slik makta - sjølv om den gjennom skiftande tider ber ulike makthavarar og strukturar gjennom historias gong. Samtidig bring sjølve steinen også naturen inn i rommet. Steinen som det elementet som alltid består, sjølv om menneske og kulturar er i utvikling.
I utstillinga blir 1000-årsspennet delt inn i fem epokar, illustrert gjennom fem visuelle tidsvindauge. Desse er «1024 – Kristenretten», «1274 – Landslova», «Under dansk styre», «1814 – Grunnlova» og «Moderne tid». For å konkretisere utviklinga gjennom det 1000-årige tidsspennet, har vi i jubileumsarbeidet valt ut tre verdiar for å omsette historia i konkrete problemstillingar. Desse tre er «Fridom» «Rettsvern» og «Likeverd». I utstillinga tar desse form som tre «verdisøyler» i rommet, som opnar opp for refleksjon om den historiske utviklinga gjennom spørsmål og eksemplifisering.
Korleis har dei svakaste i samfunnet blitt verna?
Korleis kunne hekseprosessane skje?
Kva hende i overgang frå dansk einevelde til norsk sjølvstende i 1814?
Korleis har den raske teknologiske endringa i moderne tid prega samfunnsutviklinga?
Utstillinga ønskjer å invitera både ung og vaksen til refleksjon og diskusjon om både historia og samtidssamfunnet. Korleis kan vi i framtida få eit best mogleg samfunn for oss alle? Vi ser at demokratiet er sett under press i mange land i verda, også i Europa. Med verdiane som ligg til grunn for utstillinga, «Fridom», «Rettsvern» og «Likeverd», skal vi gjere publikum bevisste på kor viktig det er å ta vare på og verna om verdiar og demokratiske prinsipp som ligg til grunn for samfunnet vårt i dag.
Den offisielle opninga av utstillinga blei lagt til 1. juni kl. 10.00 under Jubileumsveka hvor stortingspresident Masud Gharahkhani heldt opningstale, samt avduka eit maleri av Vebjørn Sand som blei gitt i gåve til det nyopna og renoverte Moster Amfi- og kyrkehistoriske senter. Fleire offisielle gjester var til stades under opninga.
Les talen Masud Gharahkhani heldt under opninga av utstillinga her.