Moster-seminaret 2022

Er fridommen trua? - samtalar om lovverk, demokrati og menneskerettar i urolige tider

Er fridommen trua? - samtalar om lovverk, demokrati og menneskerettar i urolige tider

Moster 2024 og Moster Amfi- og kyrkjehistoriske senter har gleda av å ønskje velkomen til Moster-seminaret 2022! Moster-seminaret har vore arrangert sidan 2016 og tar opp Moster si unike historie og tema knytt til staden. I seminar-rekka fram mot 1000-årsjubileet i 2024 vil verdisamtalen stå sentralt i arrangementa. Med innføring av Kristenretten starta eit verdiskifte, ein langsam prosess mot eit rettssamfunn med auka omsyn og tillit til individet, eit verdiskifte som har bidrege til å forma det Noreg me ser i dag. Desse verdiane vil me setja lys på i Moster-seminaret gjennom foredrag og samtaler med gjestene leia av Øyvind Håbrekke frå Skaperkraft.

Olav Fykse Tveit er preses i Den Norske Kyrkja og medlem av Moster 2024 si Hovudkomité. I dette seminaret vil han prate om kva for ei rolle kyrkja har i arbeidet for menneskeverd og menneskerettar i dag. Både som preses og som tidlegare generalsekretær i Kyrkjenes Verdsråd, har han stort engasjement og erfaringar å bringa om demokrati og menneskerettar i urolege tider. Kva for nokre utfordringar møter folkekyrkja på i dag?

Jørn Øyrehagen Sunde, jurist og professor i rettshistorie, er ein aktiv foredragshaldar og samfunnsdebattant. Han har fått fleire prisar for framifrå formidling, og er fagspesialist hos oss i Moster 2024. På Moster-seminaret vil han ta utgangspunkt i «Modern Times» av Charlie Chaplin, og snakka om korleis institusjonelle system borne opp av lover, må ha eit moralsk fundament å frigjere og ikkje undertrykkje individet.

Ingrid Rosendorf Joys er generalsekretær i Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn, STL. I dette seminaret vil ho prate om det livsynssopne samfunnet og om den generelle utviklinga i verda som ho meiner går i feil retning kva fridom angår.

Katherine Duarte har master i medievitskap og jobbar blant anna som berekraftrådgjevar i store selskap og som researcher i NRK. Katherine brenner for forskingsformidling og klimakommunikasjon, og i anledning verdas miljødag 5.juni, skal ho prate om kva for nokre utfordringar dette kan ha for demokratiet.

Øyvind Håbrekke er fagleg leiar i tankesmia Skaperkraft. Han er tidlegare stortingsrepresentant og statssekretær og har i mange år vore aktiv samfunnsdebattant på ei rekke område. Håbrekke er medlem i Temafagleg komite i Moster2024.

Moster-seminaret 2022 gjennomførast i samarbeid med Moster Amfi og kyrkjehistoriske senter, og er i år støtta av Bømlo kommune og Vestland fylkeskommune.

Sett ditt preg på jubiléet

Tankar og idear du har til jubiléet kan bli ein del av jubiléfeiringa!

Fleire prosjekt

Mostratinget for unge

Eit demokrati og dialogprosjekt. Bli med å forme framtida!
Les meir

Moster-seminaret / UNG 2022

Status psykisk helse
Les meir

Ungdomsutveksling Erasmus +

Sommaren 2022 var 50 unge frå fire land samla på Bømlo!
Les meir

Moster gamle kyrkje-prosjekt

Moster 2024 er med i eit spanande og viktig dokumentasjonsprosjekt av Moster gamle kyrkje.
Les meir

M24 Barnepodden

Ein podcast for barn i førskule- og småskulealder!
Les meir

Generation Corona

Dokumentar-prosjekt om livet i koronapandemien.
Les meir

Tidsreisa

Opplev vår digitale tidslinje - frå vikingtid og fram til i dag!
Les meir