Kva handlar jubileet på Moster om?
Under finn du ei enkel skildring av kva jubileet handlar om og kva vi eigentleg feirar!
I 2024 er det 1000 år sidan den norske kongen Olav den heilage innførte kristenretten. Dette var eit sett med lovar vedteke i 1024 på Mostratinget på Moster i Bømlo kommune.
Kristenretten er det fyrste norske lovverket basert på kristendommens verdiar, og markerar starten på svært viktige prosessar for landet vårt. Spora etter kristenretten er framleis tilstades i samfunnet vårt i dag. Derfor har vi denne tusenårsfeiringa!
Moster 2024 er eit 1000-årsjubileum for heile landet med ekstra fokus på barn og unge. Med jubileet skal vi fokusera på verdiane Noreg blei bygd på og verdiane av i dag. Vi vil også legge til rette for verdisamtalar om kva Noreg skal vere i framtida. Derfor har Moster 2024 visjonen: Feira fortid – forma framtid!
Men kva skjedde for tusen år sidan på Moster? Og kva i alle dagar gjekk kristenretten ut på?
Kva er kristenretten?
Med kristenretten blei Noreg formelt eit kristent rike. Landet vårt fekk ein ny religion og ei ny ordning som skilte seg frå den norrøne trua som hadde vore her før kristendommen. Den nye religionen skapte nye tider for folk og samfunnet. Året 1024 markerte faktisk ein overgang frå å vere eit maktsamfunn til eit rettssamfunn!
Kristenretten var ei samling av dei reglane ein måtte følgja i samfunnet knytt til den nye religionen. Desse reglane blei sett på Moster i 1024. Det var reglar som handla om dåp og gravferd, giftemål og trælehald. (Trælar var namnet på slavar i vikingtida.) Nokre reglar handla om faste og om kyrkjebygging. Vi fekk også heilagdagar og gjerehald rundt kyrkjegarden. Reglane tok for seg pliktane til biskop og prestane, og til og med laga dei reglar om trolldom. Det blei forbode å drive med trolldom i desse tider. Det blei også forbode å sette barn ut i skogen for å døy. Fleirkoneri var heller ikkje lov lenger. Ikkje blei det lov med blodhemn eller å brenne trælar på bål. Frå da skulle trælar bli kjøpt fri. Folk fekk rett til å kvile på søndagar og heilagdagar, og alle skulle gravleggast på same plass, som likestilte kristne. Kvinner fekk rett til å velje ektefelle, og bønder fekk lov til å eige land. Sjølv om nokre av lovane skapte motstand, blei folk sine skikkar og samfunnet gradvis endra til noko betre.
Med kristninga kom ideen om at det finst noko som er rett, heilt uavhengig om du er rik eller fattig. Denne moralske retten sprang ut frå Gud og hans skaparverk, og gjorde ein stor endring i samfunnet. Kyrkja blei pådrivarar for ei lang rekke gripande prosessar, som statsutvikling, skriftleggjering, og fellesskapsordningar med andre land. Det blei også stort fokus på lærdom, sjølv om dette i fyrste omgang berre var mogleg for dei rike.
Det var ein engelsk biskop og den norske kongen som endra landet vårt i 1024. Olav Haraldsson, kjent som Olav den heilage, og biskop Grimkjell. Biskop Grimkjell var Olav Haraldsson sin viktigaste biskop, og han spelte ei sentral rolle på noko dei kalla for Mostratinget. Grimkjell var engelsk, men namnet tydar på at han hadde skandinavisk avstamming.
Mostratinget er kjent som eit tingmøte heldt ved Moster kyrkje. Det var her dei innførte kristendomen som religion i Noreg år 995 (Olav Tryggvason). Så i 1024, vart kristenretten med dei nye lovane for Noreg, innført. 1000 år etter ønsker vi å bruke Moster som åstad og jubileet som moment for ein stor verdidebatt. I 2024 ønskjer vi å utvikle tinget til ei forsamling for unge, med representantar for heile landet!
I vårt nye Mostrating skal det vere fokus på å forme framtida og setje søkelys på sakar som er viktig for unge. Korleis vil samtida påverka di framtid? Les meir om Mostratinget-prosjektet her.
Quiz om Moster 2024 og kristenretten
Kva veit du om verdiane og historia bak 1000-årsjubileet på Moster i 2024?
Verdiseminaret «Verdiar i lokaldemokratiet»
Verdiseminaret har som mål å identifisere aktuelle utfordringar i lokaldemokratiet og peike på verdiar som kan hjelpa oss til å ta vare på og vidare utvikle lokaldemokratiet.
Deltakarar: Jan Oddvar Skisland, Anne Lise Fimreite, Mette Heidi Bergsvåg og Jon Askeland
Moderator: Svein Arne Theodorsen og Jane Cathrin Særsten Jünger
Verdiseminaret «Verdiar i næringslivet»
Verdiseminaret har som mål identifisere aktuelle verdimessige utfordringar i næringslivet i vår tid, og peike på verdiar som kan hjelpe oss å møta desse utfordringane på ein berekraftig måte.
Deltakarar: Tove Ormevik, Kjetil Kristiansen og Hans-Petter Nesse
Moderator: Svein Arne Theodorsen og Jane Cathrin Særsten Jünger
Verdiseminaret «Verdiar i vår kulturarv»
Verdiseminaret har som mål å identifisere verdiar i vår historie frå kristenretten og fram til i dag, og peike på verdiar som kan vere berekraftige i tida som kjem.
Deltakarar: Jørn Øyrehagen Sunde og Eivor Oftestad
Moderator: Svein Arne Theodorsen og Jane Cathrin Særsten Jünger
Verdisamtalen «Kva har kristenretten gjort med Noreg?»
- Kva har kristenretten gjort med Noreg, og korleis utfordrar arven frå Moster 1024 oss som samfunn og kyrkje i dag?
- Kva seier kristenretten oss om slike tema som abort og kvinners rettar?
- Korleis kan verdiane bak kristenretten førast vidare i et meir sekulært samfunn med mange ulike livssyn?
- Er desse verdiane eigentleg kristne verdiar eller er dei universelle?
- Kor konkret skal kyrkja tale inn i politiske saker? Var det t.d. klokt av Kyrkjemøtet i 2021 å oppmode til stans i oljeleitinga?
Deltakarar: Biskop Ragnhild Jepsen og kyrkjerådsleiar Harald Hegstad
Moderator: Halvor Nordhaug
Verdisamtalen «Kva hende eigentleg på Moster i 1024?»
Ein samtale og oppsummering av vår internasjonale forskarkonferanse som tok stad på Universitetet i Bergen: «Moster 1024- Crossroads of Religionand Law in the Conversion of Norway»
Deltakarar: Anna Elisa Tryti, Torgeir Landro og Alf Tore Hommedal
Moderator: Ola Mestad
Verdisamtalen «Grunnlova sine kristne og humanistiske verdiar – verdiar for alle?»
Vi held fram med samtalen vi starta i Kulturkirken Jakob saman med unge religiøse leiarar.
I Grunnlova §2 står det «Verdigrunnlaget skal framleis vere den kristne og humanistiske arven vår. Denne grunnlova skal tryggje demokratiet, rettsstaten og menneskerettane». Med dette som utgangspunkt spør vi igjen: Grunnlova sine kristne og humanistiske verdiar, er dette verdiar for alle? I samtalen, leia av Håkon Sigland, vil representantar frå Den norske kyrkje, Muslimsk dialognettverk, Norges Unge Katolikker, og Human etisk ungdom vera tilstades.
Deltakarar: Elise Skjærven Aas, Sina Arnesen Inngjerdingen, Stephen Trotter og Sajid Raheem
Moderator: Håkon Sigland
Medarrangør: Norges Kristne Råd og Samarbeidsrådet for tros- og livsynssamfunn
Verdisamtalen «Korleis utfordrar arven frå Moster oss i dag, sett med katolske auge?»
- Er tanken om menneskeverd for alle noko sjølvsagt, eller er det ei frukt av kristendomen?
- Kva seier kristenretten og kva seier Den katolske kyrkja i dag om slike tema som abort og kvinners rettar?
- Kva kan kyrkja seie, og kva kan ho ikkje seie om politiske spørsmål som t.d. klimakrisen?
Deltakar: Biskop Erik Varden
Moderator: Halvor Nordhaug
Verdisamtalen «Klimaomstilling og rettferd»
Barn, unge og framtidige generasjonar betalar den største rekninga viss vi ikkje klarar å redusera klimautsleppa kraftig. Korleis kan vi klara å skapa ei rettferdig grøn omstilling?
Deltakarar: Representantar frå ungdommens fylkesting, TBA
Moderator: Svein Olav Langåker
Verdisamtalen «Frå makt til rett – rolla til domstolane i Europa»
Ein samtale om demokratiet under aukande press, internasjonale rettsprosessar, ny og gammal krig i Europa og gjenoppbygging av krigsramma nasjonar.
Deltakarar: Adele Matheson Mestad og Karl Harald Søvik
Moderator: Ola Mestad
Verdisamtalen «Har vi eit samfunn som ivaretar mangfaldet?»
Det norske samfunnet er et tillitssamfunn vi har grunn til å være stolte av. Det er vi, og det viser vi så ofte vi kam. Som når vi vifter høyt med flaggene våre hver 17. mai – den dagen vi feirer at syv(!) prosent av Norges befolkning fikk stemmerett på Eidsvoll 17. mai 1814.
Heldigvis er vi litt flere som har stemmerett i dag, men hvor bevisste er vi på hvem som har definisjonsmakten i samfunnet? Er vi ærlige om at det finnes strukturell rasisme, også her i trygge Norge? Og snakker vi nok om de miljøene der tilliten med god grunn ikke er like høy?
1. juni i fjor kom la Sannhets- og forsoningskommisjonen frem rapporten som skal være grunnlaget for et oppgjør med fornorskingspolitikk og uretten begåttmot samer, kvener/norskfinner og skogfinner. Midt i en sannhets- og forsoningsprosess som bare så vidt har begynt, inviterer vi til en åpen og ærlig samtale om representasjon, om mangfold – og om blindsonene vi liker å tro at vi ikke har.
Deltakarar: Masud Gharahkhani, Silje Karine Muotka, Awa Rahimpour, Alexander Papas og Joseph Salomonsen
Moderator: Birgit Amalie Nilssen
Medarrangør: Arkivet Freds- og menneskerettighetssenter
Awa Rahimpour er 27 år og flyktning frå Iran. Bur på Stord. Vore i Noreg i fire år. Snakkar i dag flytande norsk, skriv nynorsk, og har lært seg flytande engelsk medan ho har vore her. Har kjempa for opphald for seg sjølv og dei 22 andre iranske kvinnene som er ureturnerbare og bur / har budd i norske mottak. No har nokre av dei fått mellombels opphald, andre sitt ennå fast i systemet.
Alexander Papas er 23 år og med familie i Tyrkia. Han er fylkespolitikar i Vestland for Sosialistisk Venstreparti. Han sit i fylkestinget og hovudutval for kultur, idrett og inkludering. Han er 23 år, skeiv og oppvekst i Jehovas vitne. Alexander er ei røyst for mangfald, inkludering, skeiv frigjering og mot negativ sosial kontroll i fylket. Han er frå Stord, men busett i Bergen. Han er lærarstudent og med bakgrunn i studentpolitikken, mellom anna 2 år i høgskulestyret til HVL.
Verdisamtalen «The Returning of the Right of Might»
Katharine Gun is arguably the most famous whistleblower of today. As the British intelligence organization GCHQ and US NSA schemed to secretly monitor members of the UN Security Council, Katherine one day found a note on her desk that dragged her into the preparation for the war on Iraq in 2003. Katherine won the Sam Adams Whistleblower Award for 2003 and works with U.S. experts VIPS, Veteran Intelligence Professional for Sanity. Her life has become a film with Keira Knightley playing lead role.
John Y. Jones set up SetJulianFree.org, for the imprisoned Julian Assange. He is with the magazine Ny Tid; the Peace and Justice party FOR and "Lay Down Your Arms". Both are members of IPI, Institute for the Public Interest.
After introductions, Katharine and John invite you to a conversation about the conditions of Truth in today's world.
- Is the world returning to lawlessness and the right of the powerful?
- Can we trust the powerful, media and those who govern us?
- Will Power permanently undermine the international legal community?
Deltakarar: Katharine Gun
Moderator: John Yngvar Jones
Medarrangør: Foreningen Fred og Rettferdighet og Institute for the Public Interest og Bømlo Ordinære Asylmottak
Verdisamtalen «Korleis verdisetje natur?»
Lørdag kl. 18.00 i Litleamfiet, ute på plenen foran Moster Amfi.
Og Gud Herren tok mennesket og satte ham i Edens have til å dyrke og verne den.
– 1. Mosebok 2:15
Hvordan sikrer vi en levelig og ressursrik klode for fremtidige generasjoner? Hvordan ønsker vi å forholde oss til uberørte og ubebygde skoger og rekreasjonsområder i fremtiden? Hvordan redder vi truede arter fra utryddelse? Og hvordan skal vi til tross for alt dette leve i et land i utvikling, med nok mat til alle, moderne teknologi for den grønne omstillingen og nok arbeidsplasser der vi trenger dem?
Hva betyr verdien av uberørt natur for meg?
Sunnhordland UNESCO Global Geopark inviterer til denne aktuelle diskusjonen med et imponerende panel. Vi har med oss den viljesterke direktøren for Menneskerettighetsinstituttet Adele Matheson Mestad, den utfordrende og utenfor boksen tenkende forfatteren og generalsekretæren i Besteforeldres klimaaksjon Andrew Kroglund, den velrenommerte professoren i planteøkologi Vigdis Vandvik, som er kjent i fagmiljøet og fra NRKs filmreportasje Oppsynsmannen, Professor Linda Nøstbakken, statistiker og professor i samfunnsøkonomi med et komplekst tankesett og et vell av data, og vår høyt verdsatte Kromkar, geolog og seniorforsker Tom Heldal, som blant annet som fagråd har sørget for at Sunnhordland Geopark har fått internasjonal UNESCO-status.
Du vil også få oppleve to kunstneriske innslag av Henrik Mestad, kjent fra TV og fjernsyn, både i begynnelsen og på slutten av paneldebatten.
Benytt den unike muligheten til å få et førstehåndsinnblikk fra fagfolk fra hele Norge i Mosterhamn om hvordan vårt komplekse samfunn jobber sammen, tannhjul for tannhjul, for å skape en bærekraftig fremtid for alle. Bli inspirert, finn din egen stemme og delta i diskusjonen.
Vi ser frem til å treffe deg. Lørdag kl. 18.00 i Litleamfiet, ute på plenen foran Moster Amfi.
Verdisamtalen «Om krig og fred»
Når nyansane blir trua
Dehumanisering er alle krigars viktigaste våpen. Inndeling i «oss» og «dei andre» er første skritt mot undertrykking og urett. Korleis kan kvar og ein av oss ta ansvar for at dehumaniserande tankegang og ordforråd ikkje spreier seg inn i vår eigen samfunnssamtale. Klarer vi å verne om dei livsviktige nyansane når vi snakkar saman? Og ber disse nyansene med seg eit håp om at verda kan bli betre enn den er i dag?
Deltakarar: Biskop Kari Mangrud Alvsvåg, forsker Joseph Salomonsen, kunstner Pedro Vavik og politiker Susan Hassan Abdallah
Moderator: Birgit Amalie Nilsen
Medarrangør: Arkivet Freds- og menneskerettighetssenter
Susan Hassan Abdallah, 45 år, er utdanna tolk og lærar, kom til Norge/Stord i 2009 som Palestinsk flyktning frå Gaza, AP-politikar i Stord kommune for 3. valperiode på rad, frivillig og folkehjelper/leiar for Norsk Folkehjelp Sunnhordland og medlem i Sentralt samfunnspolitisk utval i Norsk Folkehjelp. Ho er oppteken av solidaritet, rettferd, fellesskap, mangfald, toleranse, inkludering, antirasisme og klart Palestina. Ho har vore på Dagsnytt 18 o.l. og er mykje intervjua i samband med Palestina-konflikten på Gaza. Er veldig engasjert når ho snakkar om dette.
Verdisamtalen «The Church’s Role in Society»
What is the mission and role of the church in building a more loving, just and sustainable society?
Samtale på engelsk.
Deltakar: The Archbishop of York Stephen Cottrell
Moderator: Halvor Nordhaug
Verdisamtalen «The Values of the Church»
The calling and values of the Church in times of crises for the one world and the one creation.
Deltakarar: Jerrey Pillay, Stephen Cottrell
Moderator: Olav Fykse Tveit
Medarrangør: Den norske kyrkje, Norges Kristne Råd
Mostratinget for unge
Visjonen til Moster 2024 er «feira fortid, forma framtid». Ei stor satsing i jubileumsarbeidet har derfor vore å legge til rette for ei bredde av verdisamtalar, på ulike arena.
Inspirert av det historiske Mostratinget, skal eit moderne Mostrating gjenoppstå, denne gongen sett av dei unge. Saman med Bømlo Ungdomsråd har representantar frå fylkesting for ungdom i heile landet blitt inviterte til program under heile jubileumshelga. Samtidig som dei skal ta del i ulike verdisamtalar og arrangement, vil dei diskutere seg fram til kva som er dei viktigaste sakene og utfordringane for ungdom i framtida – og kva som er dei viktigaste verdiane å ta med seg vidare.
Søndag 2. juni kl. 14.00 vil ungdomsutsendingane få utfordra representantar frå storting og regjering i ein spørsmålsrunde, der barne- og familieminister Kjersti Toppe har takka ja til å delta. Arrangementet på søndagen er gratis, men ein må reservere billettar då utearenaen er nummerert.
Ordstyrarar: Inger Christin Hystad Barane og Bjarte Notland Tjensvoll
Politisk medverkande: Kjersti Toppe, Jon Askeland, Odd Harald Hovland og Liv Kari Eskeland
Medarrangør: Bømlo Ungdomsråd
Mostratinget for unge er eit prosjekt støtta av Erasmus+
Verdisamtalen «Heim – verdien i å vende tilbake»
Ein samtale om busetting og om inn- og utflytting frå Bømlo. Kva verdiar er viktige ved val av heim?
Deltakarar vil vera forfattar Bjørn Sortland, Nina Matre, prosjektleiar i Bu i Sunnhordland, Mari Pedersen Totland, prosjektleiar i Bømlo Næringsråd og Emma Rolfsnes Sele, vinnar av skrivekonkurransen “Heim” for ungdom i regi Moster 2024, Kapabel Forlag, Framtida.no og Falturiltu, nynorsk barnebokfestival.
Deltakarar: Nina Matre, Mari Pedersen Totland, Emma Rolfsnes Sele og Bjørn Sortland
Moderator: Jane C. S. Jünger
Medarrangør: Falturiltu
Eg ser det i augo deira
forventninga
om at eg kanskje ein dag
skal svare:
«ja SJØLVSAGT
vil eg flytte heim!»
- utdrag av eit dikt av Emma Rolfsnes Sele
Verdisamtalen «Oppsummering av Moster 2024»
Vi deler refleksjonar så langt i jubileumsåret som markerer to lovjubileum, med fleire komande i planlegging.
Deltakarar: Kjersti Toppe, Ragnhild Jepsen, Bjørn Sortland, Jon Askeland og Svein Arne Theodorsen
Moderator: Jørn Øyrehagen Sunde
URETT - en utstilling om maktutøvelse og overgrep utført av den norske stat og kirke
URETT - ordet som en stund har vekket nysgjerrighet kledd i rosa neon på kirkeveggen, skal nå krabbe ned i kirkens krypt, i følge med
Máret Ánne Sara
Victor Lind
Jannik Abel
Pierre Lionel Matte
Ellen Ugelstad
Berit Reisel og Harry Rødner
Ole-Fredrik Einarsen
Romano Kher
KDA Elvebakken
Gjennom er rekke ulike uttrykk skal vi få oppleve hva marginalisering har gjort med mennesker i vår nære historie - og møte kunst som både hvisker og roper om URETT!
For i 2024 feires 1000-årsjubileet for kristenretten i Norge; det første norske lovverket som etter hvert skulle danne grunnlag for mer omfattende lovverk, og dermed for selve rettsstaten vår.
Men der hvor det er rett, er det også urett. Der noen får definisjonsmakt, fordrives andre ut i skyggene. Sammen med kunstnere og representanter for de undertrykte gruppene, får vi i innblikk i URETT-historien sett fra samenes ståsted, jødenes, rom-folkets, og fra de skeives og psykiatriens ståsted.
Kulturkirken Jakob har utfordret ungdommer ved Elvebakken Videregående til å bidra i utstillingen ved å spørre: hva er uretten i vår tid? Hvor er blindsonene i dagens samfunn; der vi tror vi gjør rett, hvem opplever urett?
Utstillingen står fra 26. september til 24. oktober og er åpen tirsdag til søndag.
Kurator/ utstillingsprodusent: Laila Kongevold
Idé og research: Morten Eriksen
Kunstnerisk produksjonsteam Kulturkirken Jakob: Kari Falk, Erik Hillestad, Hans Olav Baden
Utstillingsåpning: Torsdag 26. september kl 16.00