Mostratinget er tidlegare kjent som eit tingmøte heldt ved Moster kyrkje i Bømlo, i år 1024. Her innførte kong Olav Haraldsson og biskop Grimkjell kristendomen som religion i Noreg, og utarbeida dei fyrste lovane kjent for Noreg som rike. 1000 år seinare ønskjer vi no å skape ei lik tilknyting til Moster, men utvikle tinget til ei forsamling av unge mellom 15 og 25 år - på tvers av landet.
I fyrste omgang ønskjer vi å engasjere unge i Sunnhordland og Vestland Fylke. Målet med prosjektet er å auke kunnskapen om kommune- og fylkestingsvalet og auke valdeltakinga blant unge under 25 år. Vi vonar også å skape gode verdisamtalar om Noreg og samtida, og til slutt utvikle ei forsamling kor unge sjølv får vere med å setje dagsordenen.
Framdriftsplan for Mostratinget
- Gi ungdommar praktiske kurs i debatt – både i å leie og delta i debattmøte.
- Gi ungdommar moglegheita til å diskutere seg fram til kva som er dei viktigaste sakene for ungdom no og for framtida.
- La ungdommar leie debattmøte lokalt fram mot lokalvalet. På denne måten kan dei unge få setje dagsordenen for kva som er viktig for dei no og for framtida.
- Samle ungdomsråd i Sunnhordland og Vestland til eit fellesmøte i 2023 der dei får diskutere seg fram til viktige saker for ungdom i vest.
- Samle utsendingar frå nasjonale ungdomsorganisasjonar og ungdommens fylkesting til eit nasjonalt Mostrating der ungdom får diskutere seg fram til fem saker som er viktige for ungdom i framtida. Desse sakene blir lagt fram i ei erklæring til Stortinget i 2024.