M24 Barnepodden

Ein podcast for barn i førskule- og småskulealder!

I samarbeid med Bømlo-barnehagen Espira Salamonskogen presenterer Moster 2024 ”M24 barnepodden”, ein podcast for barn i førskule- og småskulealder!


”M24 barnepodden” er tenkt å vere eit pedagogisk verktøy for barnehagar og småtrinnet i skulen. Innhaldet vil ha interaktive element, der ein inviterer lyttarane til å sette på pause og diskutere sjølve, sende oss spørsmål, delta i songar og kome med ynskje for vidare episodar. ”M24 barnepodden” er knytt opp mot https://www.facebook.com/M24Barnehage. Der vil vi dele fagstoff, og invitere til diskusjon, spørsmål og innspel.

https://www.facebook.com/M24Barnehage

 

For barnehage- og skuleåret 2020/2021 lagar vi fyrste sesong av ”M24 barnepodden”.  Frå desember 2020 kjem det episodar med ujamne mellomrom, med det overordna temaet ”Eg og alle” / ”Individ og kollektiv”.

 

Kvar episode i ”M24 barnepodden” skal ha tre faste delar som dannar hovudinnhaldet i kvar episode. Vi startar med ein moderne tematikkdel som blir episoden si overskrift. Vi vil ha ein historiedel som stiller eit relevant spørsmål om Vikingtida. Her vil vi gjennomføre barneintervju frå vår barnehage, Espira Salamonskogen. Til sist vil vi ha ei historie om figuren ”Daisy” som er på ei tidsreise gjennom verdshistoria. Dette blir ein føljetong, og skal knytast opp mot prosjektet ”Tidsreisa”, ei digital tidslinje, som er eit anna Moster 2024-prosjekt.

Utforsk "Tidsreisa" sjølv her.

”Vikingane”

I ”M24 barnepodden” har vi ein historisk sekvens vi kallar ”Vikingane”.  Der tar vi for oss nokre spørsmål om livet i vikingtid. Vi vil gjerne oppfordre barnehagar og klassar til å bruke spørsmåla til å arbeide med tematikken på egenhånd, kanskje som eit prosjektarbeid eller i tilknytting til lytting på podcasten. Dersom ein barnehage eller ein klasse skapar noko som kan formidlast, er vi i Moster 2024 interesserte i å høyre om dette, og om mogleg vise dette fram digitalt i våre kanalar. Spørsmåla vi tar opp i podcasten er:

Kven var vikingane?
Korleis levde dei?
Korleis var barndommen?
Kven var Olav Den Heilage?
Kva trudde dei på?
Kva innverknad fekk lovane i Kristenretten?
Korleis var det rundt i verda i same tidsperiode?
Finnes det lokal vikinghistorie nær din barnehage/skule?


Lytt

Abonnér på podcasten i Spotify

Episode 1 - TEMA "EG"

Episode 2 - TEMA "ALLE"

Medverkande "M24 barnepodden":

Idé/tekst/programleiar: Erik Larsen

Prosjektleiing: Erik Larsen/Espira Salamonskogen

Musikk: Vegard Fossum og Halvor Lillesund

Konsulent/redigering: May-Helen Rolfsnes

Produsent: Elsa Aanensen/Moster 2024


M24 Barnehage

Moster 2024 har inngått samarbeid med Bømlo-barnehagen Espira Salamonskogen, med pedagog Erik Larsen som prosjektleiar. Espira Salamonskogen er den leiande barnehagen i konseptet ”M24 Barnehage”. Vi planlegg å skape fleire prosjekt og aktivitetar gjennom heile prosjektperioden, 2020-2024, under paraplyen ”M24 Barnehage”.

 

Moster 2024 er svært glade for å ha knytt til seg Espira Salamonskogen på vegen fram mot 2024. Samstundes ynskjer vi å invitera alle barnehagar som er interesserte i å delta i dette arbeidet. Det er svært viktig for Moster 2024 å knytte til seg aktørar med kompetanse på dei yngste målgruppene, då jubileet har barn og unge som hovudmålgrupper.

Sett ditt preg på jubiléet

Tankar og idear du har til jubiléet kan bli ein del av jubiléfeiringa!

Foreslå noko til jubiléet

Fleire prosjekt

Moster gamle kyrkje-prosjekt

Moster 2024 er med i eit spanande og viktig dokumentasjonsprosjekt av Moster gamle kyrkje.
Les meir

Generation Corona

Dokumentar-prosjekt om livet i koronapandemien.
Les meir

Tidsreisa

Opplev vår digitale tidslinje - i 2020 fram til 1024!
Les meir