Jubiléets utvalde tema

Klikk på eit tema for å lære meir

Om jubiléets tema

Moster 2024 har som målsetting å skape verdisamtaler om Noreg i samtida. Det er spesielt fokus på å involvere barn og unge i denne dialogen, og søke å få desse gruppene sjølve til å sette agenda.

Med innføringa av kristenretten i 1024 starta ein lang prosess mot eit felles nasjonalt lovverk, basert på den nye religionen. Med dette vart ei stor og omfattande samfunnsendring sett i gang, frå maktsamfunn til rettssamfunn.

Moster 2024 har derfor visjonen: «Feire fortid, forme framtid.»

Med utgangspunkt i statsdanningsprosessen for Noreg skal jubileet diskutere tre utvalde tema. Universelle verdiar som vi kan reflektere kring både ut i frå det historiske og det moderne perspektivet:

«Fridom», «Rettsvern» og «Likeverd».

2021–2022

Fridom

Sjå filmen der vår fagspesialist og professor i rettshistorie Jørn Øyrehagen Sunde reflekterer over begrepet «Fridom»:

I vårt samfunn er ein av dei viktigaste verdiane fridom. Men kva vil det seie å vere fri? Og kor frie er vi eigentleg?

I år 1024 markerte kristenretten på Moster ein overgang frå eit tidlegare maktsamfunn til eit rettssamfunn. Trælar skulle bli kjøpt fri, og folk fekk rett til å kvile på søndagar og heilagdagar. Barn kunne ikkje lenger bli satt ut for å døy, og fleirkoneri blei forbode. Kvinner fekk også etter kvart rett til samtykke i ekteskap.

Heile fundamentet for menneskerettane er at alle menneske skal ha like mykje rett til fridom og moglegheit for sjølvrealisering. Fridom gjer oss val og sjølvstende. Men ynskje om fridom kjem frå erfaring med det motsette, nemleg undertrykking. Undertrykking kan kome i ulike formar. Alt frå nære relasjonar, til møte med eit mektig statsapparat.

Les Videre om fridom

Fridom vil alltid vere avgrensa i ulik art. Nokre grenser er sette av naturlover, og lar seg ikkje endre, medan andre grenser er menneskeskapte og kan difor endrast. Nokre grenser er legitime medan andre ikkje. Nokre grenser kan vere høgst individuelle, medan andre er skapt i eller av samfunnet. Om ein skal reflektere rundt fridom, må ein difor tenkje over kva for nokre grenser som skal forsvarast og kva for nokre som bør bli kjempa imot. Dette har vi alle kjent ekstra på i ei tid kor Korona-pandemien har herja. Kva kjenner vi på no etter pandemien? Har vi fått tilbake meir fridom?

«Everything that is really great and inspiring is created by the individual who can labour in freedom.»
Albert Einstein
«Our responsibility as citizens is to address the inequalities and injustices that linger, and we must secure our birthright freedoms for all people.»
— Barack Obama
«For to be free is not merely to cast off one’s chains, but to live in a way that respects and enhances the freedom of others.»
Nelson Mandela
«Lock up your libraries if you like; but there is no gate, no lock, no bolt, that you can set upon the freedom of my mind.»
Virginia Woolf, A Room of One’s Own
«Freedom is when your mind, heart and action are in harmony».
Gandhi

2022–2023

Rettsvern

For å skape forandring, er vi nøydd til å ha makt. Makt kan vere politisk makt, eit fleirtal. Det kan vere fysisk makt, økonomisk makt, det kan vere sosial og kulturell makt, berre det å vite meir enn andre kan gje deg mykje makt.

I år 1024 blei rettsvern skapt gjennom kristenretten for å hindre maktmisbruk. Reglar blei skrive slik at ingen skulle misbruke makta dei hadde, og rettsvernet skulle verne mindretalet mot fleirtalet. Kristenretten blei difor ekstra viktig for kvinner, slavar og dei svake i samfunnet, som til dømes at vanskapte barn ikkje lenger kunne setjast ut for å døy. Individet blei dermed tryggja ved lovgjevnad. Menneskeverdet sto i sentrum i tråd med det religiøse fundamentet som Kristendommen førte med seg. Det byrja ein prosess. Meir fridom, meir rettsvern. Da det fyrst blei innført, hadde det ikkje nok effekt. Men det sådde eit frø og utvikla seg sakte.

Les Videre om rettsvern

Med rettsvernet kom også ein annan institusjonell milepæl i kristenretten, nemleg eigedomsrett. Fleire bønder fekk eige sin eigen gard, som gjorde at norske bønder fekk mykje større fridom enn bønder i andre land.

Verdiane i eit samfunn er ikkje konstante, men stadig oppe til diskusjon. Korleis vi behandlar menneske endrar seg stadig, men vi jobbar framleis med å betre samfunnet for dei svakaste. Kva for ambisjonar har vi no for rettsvernet? Kva er viktig å verne i samfunnet idag?

Ei problemstilling kan vere barn sitt samtykke til bruk av bilete på sosiale media. I møte med digitale media er det mykje av vår eiga og andre sin identitet som forsvinn og blir stelt, og vi har enda ikkje forstått kor mykje personleg informasjon vi gjer ut.

2023–2024

Likeverd

Likeverd er idéen en om at alle menneske har like stor verdi uavhengig av sosial posisjon. Kvinner, menn, rike, fattige, unge, gamle, kristne, muslimske, homoseksuelle og heteroseksuelle, alle har ei grunnleggande likskap. I dag veit vi at alle menneske har ei like stor verdi på tross av kjønn, funksjonsnivå, eigenskaper, livssyn, sosial status, etnisitet, språk og kultur.

Men historisk sett, er dette ein ny måte å tenkje på. Opphavleg var det slik at folk hadde ulike rettigheitar og ulik plikt i samfunnet ut frå sosial posisjon. Dette var noko av det mest radikale med kristenretten i 1024, men også det mest revolusjonerande. Dei innførte ein tanke om at alle hadde noko til felles, ein viss eigenverdi. På denne tida var dette ei stor omvelting. Frå no av skulle alle som anerkjente at retta si kom frå Gud, gravleggjast på ein og same gravplass.

Les Videre om Likeverd

Det var ein framand tanke på denne tida, da bønder vanlegvis blei gravlagt på ein haug på garden sin, og trælar blei kasta på sjøen eller gravlagt med sin herre. Kristendomen skulle vere eit fellesskap. Men den kom sjølvsagt ikkje utan motstand, forhandlingar og usemje. Usemje om det skulle vere lov å setje uønska barn, som regel jenter, ut i skogen for å døy.

Det blei sådd eit frø om likeverd på Moster for 1000 år sidan, men vi er framleis ikkje i mål om å skape likeverd i store deler av verda. Det finst framleis dømer på moderne slavehandel, trafficking. I mange samfunn finst det ikkje nok ressursar til å få dei same privilegia som vi i Noreg tenkjer er heilt naturlege. Vi opplev stadig tilbakeslag i form av likestilling og menneskeverd.

Eit døme vi kan sjå no er Taliban som har kome tilbake til makta. Afghanske kvinner har kjempa dei siste 20 åra for å kome inn i arbeidsstyrken – ei nødvendigheit etter to tiår med konflikt kor fleire har enda som enker eller har tatt vare på familie og såra og skada menn. No er reglane blitt reversert. Kvinner får ikkje lenger arbeide, og jenter får ikkje ta høgare utdanning. I fleire land blir også homofile framleis drepe, og i land som Polen, Ungarn og Russland er det forbode å omtale homoseksualitet.

Likeverd kjem med andre ord ikkje naturleg og vi må for kvar generasjon ta ein kamp, ta eit val, og utvikle samfunnet, slik vi den siste tida har gjort med feiring av pride, "Black Lives Matter" og metoo-kampanjar.

Kva kan vi gjere for å utvikle likeverda i framtida? Kva kan vi gjere for at samfunnet ikkje skal få tilbakeslag?

«Before God, we are all equally wise, and equally foolish.»
— 
Albert Einstein 
«Equality is the soul of liberty; there is, in fact, no liberty without it.»
Frances Wright
«I have a dream that my four little children will one day live in a nation where they will not be judged by the color of their skin, but by the content of their character.»
Martin Luther King, Jr.
«Don’t walk in front of me;I may not follow. Don’t walk behind me; I may not lead. Just walk beside me and be my friend.»
Albert Camus 
«Let there be justice for all. Let therebe peace for all. Let there be work, bread, water and salt for all.»
— 
Nelson Mandela

Sett ditt preg på jubiléet

Tankar og idear du har til jubiléet kan bli ein del av jubiléfeiringa!