Jubileumsveka
>
Festivalområde
Kart over festivalområdet.

Festivalområde

Jubileumsveka på Moster breier seg ut over nesten heile Mosterhamn. Vi har mange ulike arenaer og scenar i tillegg til utstillingar, matservering og aktivitetar.

Her er ei førebels oversikt over dei ulike områda under jubileumsfesten. Ovanfor ser du ikon som hjelp deg finne fram i kartet. Det vil vere konsertar, teater, samtalar og kunstopplevingar. Du finn også maritim aktivitet, parkeringsområde, mat og toalett.

Velkommen skal du vere til historiske Moster! 

Det vert stor aktivitet på Moster denne veka med mykje publikum, frivillige og aktørar. Med så stor pågang er det og auka behov for sikkerheit og beredskap. Det vil væra beredskapsområde ved Moster gamle kyrkje samt ved Teigelandskaien. Skulle det skje at vi må evakuere Moster Amfi er det samlingsplass ved Mat- og Verditeltet.

Det er tilgang til toalett fleire stader på området, inkludert ved Mat- og Verditeltet, parkeringsplassen ved Moster gamle kyrkje og i Moster Amfi.

Billettkontor

Informasjon om billettkontoret finn du ved å gå til sida for billettinformasjon.

Servering

Under Jubileumsveka vil det væra fleire serveringsstader. I Matteltet finn du lokale aktørar frå regionen. Moster Amfi har kafédrift i amfiet i tillegg til servering Telegrafhuset og Skuten. Bømlo Teater har servering i Tollhagen, M/S Sunnhordland ligg til kai ved Dalaneset og har servering i sin restaurant. M/S Elieser 6 ligg ved Westamarankaien og tek i mot reservasjonar av både mat og overnatting.

På denne sida vil det komme meir informasjon om opningstider, meny og liknande.

Matteltet

  • Bakstehuset på Spissøy
  • Sikje Småbruk
  • Langevåg Bygdatun
  • Kulleseidkanalen Gjestehamn

Telegrafen og skuten

Moster Amfi driftar Telegrafen og Skuten kor dei serverer mellom anna pizza, supper og is.

Tollhagen mat og kunst

Bømlo Teater og Bømlo Kunstlag opnar opp idylliske Tollhagen og serverer mat frå tysdag til søndag i Jubileumsveka. Det vil bli servert supper, spekematfat og sashimisalat.

Tysdag 17:30 vert det òg opning av utstillinga «denne freden» i kjellaren.

Deter ei avgrensa mengde bord med bordsete på 2 timar.

Bordreservasjon skjer via mail på mat@bomloteater.no

Opningstider i Tollhagen

  • Tysdag 28. mai – 16:00–21:00
  • Onsdag 29. mai – kl. 15:00–21:00
  • Torsdag 30. mai – kl. 15:00–21:00
  • Fredag 31. mai – kl. 15:00–01:00
  • Laurdag 1. juni – kl. 10:00–01:00
  • Søndag 2. juni – kl. 10:00–22:00

M/S Sunnhordland:

Open båt frå 12:00 med enkel servering.

M/S Elieser 6

Ombord i M/S Elieser 6 kan du nyte ein fullverdig middagsbuffé, alltid med riskrem til dessert, det er tradisjon ombord. Berre ope ved reservasjon i forkant via tlf. +47 971 54 663. Middagsbuffé for 275,- per person.

Skyttelbuss

Gå til sida for skyttelbuss for å lesa meir om tilbudet.

Lokasjonar

Verditeltet

I Verditeltet vert det verdisamtalar innan mange ulike tema i tillegg til danseforestilling og streaming av den Økumeniske Festgudstenesta og Midnattsgudsteneste. Her finn du og fleire lokale matleverandørar som serverer lokal mat. 

Moster gamle kyrkje

I Moster gamle kyrkje vil det bli både konsertar, føredrag og verdisamtalar både inne i kyrkja og utanfor.

Torasletto

På Torasletto ved Tora Mostrastong statuen vil det væra ulike danseforestillingar og konsert. På bakkane nedanfor finn du Vikinglandsbyen med vikingar frå heile Noreg.  

Vetahaugen

 Det vert offisiell opning av nye Vetahaugen laurdag 1. juni. Her vil det og væra morgonsong med Bodil søndag 02. juni.

Moster Amfi

I Moster Amfi er det fleire store konsertar, forestillingar og Økumenisk Festgudsteneste. Den nye utstillinga «Frå makt til rett. Kven har makt?» vert offisielt opna laurdag 1. juni. Både denne og utstillinga frå 1995 «Frå heidendom til kristendom» er opne under Jubileumsveka. Moster Amfi driftar kafé inne i amfiet, her finn du òg toalett. I den nye delen av amfiet er det informasjonsskranke og billettkontor.

Litleamfiet

I Litleamfiet vert det både teaterforestilling for barn og Verdisamtalar.

Mostratunet

I Mostratunet går starten for vandreforestillinga «Jakten på Gullkorset». Her vert det òg lagt opp til at barn og familiar kan slappe av, skrive brev til Kongen, leike med uteleiker og anna kjekt. Her oppfordrar vi til at ein aktiviserer seg sjølv.

Mostrahuset og Tollnaustet

I Mostrahuset vert det utstillingar i både første og andre etasje samt performance art forestilling i første etasje. Utanfor vert det keramikkutsal samt at Tollnaustet har ope naust.  

Gruveparken 

Her er det ikkje lagt opp til planlagde aktivitetar eller arrangement men område teignar seg svært godt til avslapping, piknik og bading, her er det fint å ta med familien mellom slaga!

Wednesday
15:00
17:30

Verdiseminaret «Verdiar i lokaldemokratiet»

Verditeltet

Verdiseminaret har som mål å identifisere aktuelle utfordringar i lokaldemokratiet og peike på verdiar som kan hjelpa oss til å ta vare på og vidare utvikle lokaldemokratiet. 

Deltakarar: Jan Oddvar Skisland, Anne Lise Fimreite, Mette Heidi Bergsvåg og Jon Askeland

Moderator: Svein Arne Theodorsen og Jane Cathrin Særsten Jünger

Thursday
14:00
16:30

Verdiseminaret «Verdiar i næringslivet»

Verditeltet

Verdiseminaret har som mål identifisere aktuelle verdimessige utfordringar i næringslivet i vår tid, og peike på verdiar som kan hjelpe oss å møta desse utfordringane på ein berekraftig måte.

Deltakarar: Tove Ormevik, Kjetil Kristiansen og Hans-Petter Nesse

Moderator: Svein Arne Theodorsen og Jane Cathrin Særsten Jünger

Friday
13:00
15:00

Verdiseminaret «Verdiar i vår kulturarv»

Verditeltet

Verdiseminaret har som mål å identifisere verdiar i vår historie frå kristenretten og fram til i dag, og peike på verdiar som kan vere berekraftige i tida som kjem.

Deltakarar: Jørn Øyrehagen Sunde og Eivor Oftestad

Moderator: Svein Arne Theodorsen og Jane Cathrin Særsten Jünger

Friday
16:30
17:15

Verdisamtalen «Kva har kristenretten gjort med Noreg?»

‍‍Kyrkjeveggen / Moster gamle kyrkje
  • Kva har kristenretten gjort med Noreg, og korleis utfordrar arven frå Moster 1024 oss som samfunn og kyrkje i dag?
  • Kva seier kristenretten oss om slike tema som abort og kvinners rettar?
  • Korleis kan verdiane bak kristenretten førast vidare i et meir sekulært samfunn med mange ulike livssyn?
  • Er desse verdiane eigentleg kristne verdiar eller er dei universelle?
  • Kor konkret skal kyrkja tale inn i politiske saker? Var det t.d. klokt av Kyrkjemøtet i 2021 å oppmode til stans i oljeleitinga?

Deltakarar: Biskop Ragnhild Jepsen og kyrkjerådsleiar Harald Hegstad

Moderator: Halvor Nordhaug

Friday
17:30
18:15

Verdisamtalen «Kva hende eigentleg på Moster i 1024?»

Verditeltet

Ein samtale og oppsummering av vår internasjonale forskarkonferanse som tok stad på Universitetet i Bergen: «Moster 1024- Crossroads of Religionand Law in the Conversion of Norway»

Deltakarar: Anna Elisa Tryti, Torgeir Landro og Alf Tore Hommedal

Moderator: Ola Mestad

Friday
20:30
21:15

Verdisamtalen «Grunnlova sine kristne og humanistiske verdiar – verdiar for alle?»

Litleamfiet

Vi held fram med samtalen vi starta i Kulturkirken Jakob saman med unge religiøse leiarar.

I Grunnlova §2 står det «Verdigrunnlaget skal framleis vere den kristne og humanistiske arven vår. Denne grunnlova skal tryggje demokratiet, rettsstaten og menneskerettane». Med dette som utgangspunkt spør vi igjen: Grunnlova sine kristne og humanistiske verdiar, er dette verdiar for alle? I samtalen, leia av Håkon Sigland, vil representantar frå Den norske kyrkje, Muslimsk dialognettverk, Norges Unge Katolikker, og Human etisk ungdom vera tilstades.

Deltakarar: Elise Skjærven Aas, Sina Arnesen Inngjerdingen, Stephen Trotter og Sajid Raheem

Moderator: Håkon Sigland

Medarrangør: Norges Kristne Råd og Samarbeidsrådet for tros- og livsynssamfunn

Saturday
10:00
10:30

Verdisamtalen «Korleis utfordrar arven frå Moster oss i dag, sett med katolske auge?»

Kyrkjeveggen / Moster Gamle Kyrkje
  • Er tanken om menneskeverd for alle noko sjølvsagt, eller er det ei frukt av kristendomen?
  • Kva seier kristenretten og kva seier Den katolske kyrkja i dag om slike tema som abort og kvinners rettar?
  • Kva kan kyrkja seie, og kva kan ho ikkje seie om politiske spørsmål som t.d. klimakrisen?

Deltakar: Biskop Erik Varden

Moderator: Halvor Nordhaug

Saturday
11:30
12:15

Verdisamtalen «Klimaomstilling og rettferd»

Litleamfiet

Barn, unge og framtidige generasjonar betalar den største rekninga viss vi ikkje klarar å redusera klimautsleppa kraftig. Korleis kan vi klara å skapa ei rettferdig grøn omstilling?

Deltakarar: Representantar frå ungdommens fylkesting, TBA

Moderator: Svein Olav Langåker

Saturday
12:00
12:45

Verdisamtalen «Frå makt til rett – rolla til domstolane i Europa»

Verditeltet

Ein samtale om demokratiet under aukande press, internasjonale rettsprosessar, ny og gammal krig i Europa og gjenoppbygging av krigsramma nasjonar.

Deltakarar: Adele Matheson Mestad og Karl Harald Søvik

Moderator: Ola Mestad

Saturday
13:00
13:45

Verdisamtalen «Har vi eit samfunn som ivaretar mangfaldet?»

Verditeltet

Det norske samfunnet er et tillitssamfunn vi har grunn til å være stolte av. Det er vi, og det viser vi så ofte vi kam. Som når vi vifter høyt med flaggene våre hver 17. mai – den dagen vi feirer at syv(!) prosent av Norges befolkning fikk stemmerett på Eidsvoll 17. mai 1814.

Heldigvis er vi litt flere som har stemmerett i dag, men hvor bevisste er vi på hvem som har definisjonsmakten i samfunnet? Er vi ærlige om at det finnes strukturell rasisme, også her i trygge Norge? Og snakker vi nok om de miljøene der tilliten med god grunn ikke er like høy?

1. juni i fjor kom la Sannhets- og forsoningskommisjonen frem rapporten som skal være grunnlaget for et oppgjør med fornorskingspolitikk og uretten begåttmot samer, kvener/norskfinner og skogfinner. Midt i en sannhets- og forsoningsprosess som bare så vidt har begynt, inviterer vi til en åpen og ærlig samtale om representasjon, om mangfold – og om blindsonene vi liker å tro at vi ikke har.

Deltakarar: Masud Gharahkhani, Silje Karine Muotka, Awa Rahimpour, Alexander Papas og Joseph Salomonsen

Moderator: Birgit Amalie Nilssen

Medarrangør: Arkivet Freds- og menneskerettighetssenter

Awa Rahimpour er 27 år og flyktning frå Iran. Bur på Stord. Vore i Noreg i fire år. Snakkar i dag flytande norsk, skriv nynorsk, og har lært seg flytande engelsk medan ho har vore her. Har kjempa for opphald for seg sjølv og dei 22 andre iranske kvinnene som er ureturnerbare og bur / har budd i norske mottak. No har nokre av dei fått mellombels opphald, andre sitt ennå fast i systemet.

Alexander Papas er 23 år og med familie i Tyrkia. Han er fylkespolitikar i Vestland for Sosialistisk Venstreparti. Han sit i fylkestinget og hovudutval for kultur, idrett og inkludering. Han er 23 år, skeiv og oppvekst i Jehovas vitne. Alexander er ei røyst for mangfald, inkludering, skeiv frigjering og mot negativ sosial kontroll i fylket. Han er frå Stord, men busett i Bergen. Han er lærarstudent og med bakgrunn i studentpolitikken, mellom anna 2 år i høgskulestyret til HVL.

Saturday
18:00
19:45

Verdisamtalen «The Returning of the Right of Might»

Verditeltet

Katharine Gun is arguably the most famous whistleblower of today. As the British intelligence organization GCHQ and US NSA schemed to secretly monitor members of the UN Security Council, Katherine one day found a note on her desk that dragged her into the preparation for the war on Iraq in 2003. Katherine won the Sam Adams Whistleblower Award for 2003 and works with U.S. experts VIPS, Veteran Intelligence Professional for Sanity. Her life has become a film with Keira Knightley playing lead role.

John Y. Jones set up SetJulianFree.org, for the imprisoned Julian Assange. He is with the magazine Ny Tid; the Peace and Justice party FOR and "Lay Down Your Arms". Both are members of IPI, Institute for the Public Interest.

After introductions, Katharine and John invite you to a conversation about the conditions of Truth in today's world.

  • Is the world returning to lawlessness and the right of the powerful?
  • Can we trust the powerful, media and those who govern us?
  • Will Power permanently undermine the international legal community?

Deltakarar: Katharine Gun

Moderator: John Yngvar Jones

Medarrangør: Foreningen Fred og Rettferdighet og Institute for the Public Interest og Bømlo Ordinære Asylmottak

Saturday
18:00
19:00

Verdisamtalen «Korleis verdisetje natur?»

Litleamfiet

Lørdag kl. 18.00 i Litleamfiet, ute på plenen foran Moster Amfi.

Og Gud Herren tok mennesket og satte ham i Edens have til å dyrke og verne den.
– 1. Mosebok 2:15

Hvordan sikrer vi en levelig og ressursrik klode for fremtidige generasjoner? Hvordan ønsker vi å forholde oss til uberørte og ubebygde skoger og rekreasjonsområder i fremtiden? Hvordan redder vi truede arter fra utryddelse? Og hvordan skal vi til tross for alt dette leve i et land i utvikling, med nok mat til alle, moderne teknologi for den grønne omstillingen og nok arbeidsplasser der vi trenger dem?

Hva betyr verdien av uberørt natur for meg?

Sunnhordland UNESCO Global Geopark inviterer til denne aktuelle diskusjonen med et imponerende panel. Vi har med oss den viljesterke direktøren for Menneskerettighetsinstituttet Adele Matheson Mestad, den utfordrende og utenfor boksen tenkende forfatteren og generalsekretæren i Besteforeldres klimaaksjon Andrew Kroglund, den velrenommerte professoren i planteøkologi Vigdis Vandvik, som er kjent i fagmiljøet og fra NRKs filmreportasje Oppsynsmannen, Professor Linda Nøstbakken, statistiker og professor i samfunnsøkonomi med et komplekst tankesett og et vell av data, og vår høyt verdsatte Kromkar, geolog og seniorforsker Tom Heldal, som blant annet som fagråd har sørget for at Sunnhordland Geopark har fått internasjonal UNESCO-status.

Du vil også få oppleve to kunstneriske innslag av Henrik Mestad, kjent fra TV og fjernsyn, både i begynnelsen og på slutten av paneldebatten.

Benytt den unike muligheten til å få et førstehåndsinnblikk fra fagfolk fra hele Norge i Mosterhamn om hvordan vårt komplekse samfunn jobber sammen, tannhjul for tannhjul, for å skape en bærekraftig fremtid for alle. Bli inspirert, finn din egen stemme og delta i diskusjonen.

Vi ser frem til å treffe deg. Lørdag kl. 18.00 i Litleamfiet, ute på plenen foran Moster Amfi.

Saturday
21:00
21:45

Verdisamtalen «Om krig og fred»

Mostrahuset

Når nyansane blir trua

Dehumanisering er alle krigars viktigaste våpen. Inndeling i «oss» og «dei andre» er første skritt mot undertrykking og urett. Korleis kan kvar og ein av oss ta ansvar for at dehumaniserande tankegang og ordforråd ikkje spreier seg inn i vår eigen samfunnssamtale. Klarer vi å verne om dei livsviktige nyansane når vi snakkar saman? Og ber disse nyansene med seg eit håp om at verda kan bli betre enn den er i dag?

Deltakarar: Biskop Kari Mangrud Alvsvåg, forsker Joseph Salomonsen, kunstner Pedro Vavik og politiker Susan Hassan Abdallah

Moderator: Birgit Amalie Nilsen

Medarrangør: Arkivet Freds- og menneskerettighetssenter

Susan Hassan Abdallah, 45 år, er utdanna tolk og lærar, kom til Norge/Stord i 2009 som Palestinsk flyktning frå Gaza, AP-politikar i Stord kommune for 3. valperiode på rad, frivillig og folkehjelper/leiar for Norsk Folkehjelp Sunnhordland og medlem i Sentralt samfunnspolitisk utval i Norsk Folkehjelp. Ho er oppteken av solidaritet, rettferd, fellesskap, mangfald, toleranse, inkludering, antirasisme og klart Palestina. Ho har vore på Dagsnytt 18 o.l. og er mykje intervjua i samband med Palestina-konflikten på Gaza. Er veldig engasjert når ho snakkar om dette.

Sunday
10:00
10:30

Verdisamtalen «The Church’s Role in Society»

‍‍Kyrkjeveggen / Moster gamle kyrkje

What is the mission and role of the church in building a more loving, just and sustainable society?

Samtale på engelsk.

Deltakar: The Archbishop of York Stephen Cottrell

Moderator: Halvor Nordhaug

Sunday
13:00
13:45

Verdisamtalen «The Values of the Church»

Verditeltet

The calling and values of the Church in times of crises for the one world and the one creation. 

Deltakarar: Jerrey Pillay, Stephen Cottrell

Moderator: Olav Fykse Tveit

Medarrangør: Den norske kyrkje, Norges Kristne Råd

Sunday
14:00
15:00

Mostratinget for unge

Moster Amfi

Visjonen til Moster 2024 er «feira fortid, forma framtid». Ei stor satsing i jubileumsarbeidet har derfor vore å legge til rette for ei bredde av verdisamtalar, på ulike arena.

Inspirert av det historiske Mostratinget, skal eit moderne Mostrating gjenoppstå, denne gongen sett av dei unge. Saman med Bømlo Ungdomsråd har representantar frå fylkesting for ungdom i heile landet blitt inviterte til program under heile jubileumshelga. Samtidig som dei skal ta del i ulike verdisamtalar og arrangement, vil dei diskutere seg fram til kva som er dei viktigaste sakene og utfordringane for ungdom i framtida – og kva som er dei viktigaste verdiane å ta med seg vidare.

Søndag 2. juni kl. 14.00 vil ungdomsutsendingane få utfordra representantar frå storting og regjering i ein spørsmålsrunde, der barne- og familieminister Kjersti Toppe har takka ja til å delta. Arrangementet på søndagen er gratis, men ein må reservere billettar utearenaen er nummerert.

Finn billettar her.

Ordstyrarar: Inger Christin Hystad Barane og Bjarte Notland Tjensvoll

Politisk medverkande: Kjersti Toppe, Jon Askeland, Odd Harald Hovland og Liv Kari Eskeland

Medarrangør: Bømlo Ungdomsråd

Mostratinget for unge er eit prosjekt støtta av Erasmus+

Sunday
17:45
18:30

Verdisamtalen «Heim – verdien i å vende tilbake»

Litleamfiet

Ein samtale om busetting og om inn- og utflytting frå Bømlo. Kva verdiar er viktige ved val av heim?

Deltakarar vil vera forfattar Bjørn Sortland, Nina Matre, prosjektleiar i Bu i Sunnhordland, Mari Pedersen Totland, prosjektleiar i Bømlo Næringsråd og Emma Rolfsnes Sele, vinnar av skrivekonkurransen “Heim” for ungdom i regi Moster 2024, Kapabel Forlag, Framtida.no og Falturiltu, nynorsk barnebokfestival.

Deltakarar: Nina Matre, Mari Pedersen Totland, Emma Rolfsnes Sele og Bjørn Sortland

Moderator: Jane C. S. Jünger

Medarrangør: Falturiltu

Eg ser det i augo deira
forventninga
om at eg kanskje ein dag
skal svare:
«ja SJØLVSAGT
vil eg flytte heim!»

- utdrag av eit dikt av Emma Rolfsnes Sele

Sunday
20:30

Verdisamtalen «Oppsummering av Moster 2024»

Verditeltet

Vi deler refleksjonar så langt i jubileumsåret som markerer to lovjubileum, med fleire komande i planlegging.

Deltakarar: Kjersti Toppe, Ragnhild Jepsen, Bjørn Sortland, Jon Askeland og Svein Arne Theodorsen

Moderator: Jørn Øyrehagen Sunde

Jubileumsveka
>
Festivalområde
Forside