Prosjekt
>
Ungdomsutveksling Erasmus +

Ungdomsutveksling Erasmus +

Sommaren 2022 var 50 unge frå fire land samla på Bømlo!

Ungdomsutveksling - "Rural Areas in Expansion"

I samarbeid med organisasjonane Wipsee, Youth Empowerment Center og Iya Eutopia, arrangerte vi i Moster 2024 ein internasjonal ungdomsutveksling kalt «Rural Areas in Expansion» frå 7-14. august på Bømlo Folkehøgskule.
Her hadde vi tilsaman besøk av 40 ungdommar + 10 gruppeleiarar frå Noreg, Kroatia, Hellas og Frankrike på gratis utveksling med stønad frå Erasmus +


Fokuset gjennom denne utvekslinga var å prate om korleis det er å kome frå små bygder frå forskjellige stader i verda, og kva ei slik utveksling kan bidra til. Her skulle ungdommane representere sin stad og sitt land, sine tradisjonar, kva dei synest var bra med staden dei kjem frå og kva dei ønskja kunne utvikle seg. Desto viktigare var det også å skape ei moglegheit for ungdom å møtes over landegrensene og å stifte nye kjennskap og venskap. I tillegg fekk vi stolt vist fram kva Bømlo/Moster hadde å by på!


Dei drog med båten M/S Gå På rundt øyene og besøkte Espevær, fekk seg ein tur til Hummarparken. Dei tok buss til Mosterhamn for å sjå Moster Amfi, var heldige å sjå Hekseringen på kveldstid, i tillegg til å vere med på marknaden deira. Dei drog også opp til Vetahaugen for å sjå på utsikta og prate om staden Moster kor vi fekk fortalt om Moster 2024 som jubileum.


Alt i alt eit vel gjennomført prosjekt kor vi ser stor moglegheit for å fortsetje reisa og kanskje kunne skape eiga Erasmus+ prosjekt kor vi kan ta med oss ungdom frå Bømlo ut ifrå landet også. Om ikkje få til ei utveksling i 2024 for markeringa si skuld.


Fleire prosjekt

Jubileumslåta «FRIDOM»

«FRIDOM» er ein nyskriven pop-låt sunge av artisten William i forbinding jubileumsfeiringa på Moster med tilhøyrande dans. Premiere fredag 22.MARS!!!
Les meir

Jubileumskomposisjon «Elle Melle»

Ein komposisjon for unge musikantar i kulturskule og musikkorps skrive av Webjørn Sæther
Les meir

Jubileumsboka - Moster iz da thing!

Sakprosabok for unge om då Olav den heilage sette ting på Moster i 1024 (Lansering 10. januar, 2024)
Les meir

ANNO 1024

Ein historie-podcast om Moster og det store religionsskiftet
Les meir

Mostratinget for unge

Eit demokrati og dialogprosjekt. Bli med å forme framtida!
Les meir

Moster-seminaret / UNG 2022

Status psykisk helse
Les meir

Moster-seminaret 2022

Er fridommen trua? - samtalar om lovverk, demokrati og menneskerettar i urolige tider
Les meir

Moster gamle kyrkje-prosjekt

Moster 2024 er med i eit spanande og viktig dokumentasjonsprosjekt av Moster gamle kyrkje.
Les meir

Podcast for barnehagen

Ein podcast for barn i førskule- og småskulealder!
Les meir

Generation Corona

Dokumentar-prosjekt om livet i koronapandemien.
Les meir

Tidsreisa

Opplev vår digitale tidslinje - frå vikingtid og fram til i dag!
Les meir