Kristenretten på Moster 1024 – Byrjinga på ein 250 år lang riksbyggjingsprosess

Kristenretten som del av ein historisk og samtidig heilskap

Kristenretten på Moster i 1024 var eit viktig steg mot eit ordna statssamfunn med eit verdigrunnlag som er gjenkjennelege. Ein kan difor sjå på kristenretten som eit viktig steg mot etableringa av Norge slik vi kjenner i dag. Samstundes må ein ha i minne dei store endringane som finn stad over ein tidsperiode på 1000 år. Sjølv om det er ein viss identifiserbar samanheng mellom Norge i dag og kristenretten på Moster i 1024, er kristenretten bare ein del av ein stor heilskap. For å forstå dette abstrakte poenget, kan ein tenkja på kristenretten på Moster som ei viktig hending i eigen barndom. Seinare erfaringar vil laga ein stadig større heilskap rundt den viktige hendinga. Den sluttar ikkje dermed å vera viktig, men årsaka til at den vert viktig, er meir og meir korleis den passar saman med og samhandlar med alle dei seinare erfaringane. Dette gjer at Kristenretten på Moster både er verd å markera med eit 1000 års-jubileum i 2024, og at ein samstundes ikkje må gløyma at kristenretten er ein del av noko langt større.

Alt i si samtid var kristenretten på Moster i 1024 del av ein større samanheng. Det er den samtidige samanhengen som er tema for denne artikkelen. For kristenretten er meir enn reglar om dåp, messedagar og faste. I staden var den ein del av eit riksbyggjingsprosjekt og Olav sine personlege ambisjonar. Ein kan seia det slik at levereglane i kristenretten vart eit verktøy for å skapa ein kristen fellesskap, innan rammene av eit organisert kyrkjesamfunn, som skulle gje styrke til ei framveksande kongeleg sentralmakt, som igjen skulle realisera Olav sine ambisjonar om å verta ein kristen konge i tradisjonen etter dei romerske keisarane, slik Karl den store hadde vore det.

Olav den heilage sine motiv og ambisjonar

I ettertid kan ein lett koma til å sjå kristenretten på Moster som ei hending som gjorde at historia kom på rett spor fram mot dagens Norge. Men lat oss i staden ta perspektivet til kong Olav 2. den heilage i 1024. Lat oss tenkja oss at han står på skipet sitt, omgjeven av mange andre skip med hans trugne menn, som siglar mot Moster på Bømlo. Kva kan motivet og ambisjonen hans ha vore med å førebu ei stor lovreform og kalla saman til eit parlament på denne sentrale staden i skipsleia på Vestlandet?

Olav var ein krigar. Frå ung alder hadde han leia større og mindre grupper av menn som hadde herja og rana landsbygda rundt Østersjøen og  Nordsjøen, og i alle fall heilt sør til Spania. Olav og mennene hans hadde òg herja i England med løfte om å få ein del av riket som sitt len om dei klarte å gjera slutt på det danske styret. Og dei var i hertugen av Normandie og erkebispen av Rouen si teneste som leigesoldatar. Den Olav som stemna mot Moster i 1024 var enno ikkje 30 år, men hadde alt lang erfaring frå krig og med drap, lemlesting og valdtekt.

Olav byrja sin karriere som vikinghøvding, men gjekk altså etter kvart i andre si teneste. I følgje Snorre Sturlasson opplevde han i for eksempel Sverige, Finland og England at det var vanskeleg å vinna fram om han møtte organisert motstand. Å herja og rana område med spreidd busetnad og landsbyar var noko anna enn å møta ein hær. Kanskje var dette tankar Olav gjorde  seg alt i Rouen i 1012. Han var ikkje i byen for å herja og rana, men var i hertugen si teneste. Kanskje tenkte Olav at han ikkje ville ha klart å herja Rouen sjølv om han ville – byen var for sterk. Kanskje sat Olav i Rouen og følte at han, som vart kalla Olav Digre, eigentleg var liten? Det kan ikkje ha vore ei kjensle han likte, han som i år etter år hadde herja og rana og fått andre til å følga frykt og hjelpeløysa.

Sigvat skald var saman med Olav i Rouen. Seinare, då Olav sin son Magnus vart fødd ei natt i 1024, var det Sigvat som gav kongssonen namnet Magnus. Han rettferdiggjorde namnevalet ovanfor Olav dagen etter med at Magnus var den største mannen i verda. Det Sigvat sikta til, var Karl den store, Carolus Magnus som han vart kalla på latin. Han vart i Rolandskvadet kalla nettopp den største mannen i verda. Sigvat må altså ha vorte kjent både med kvadet og med Karl den store sin myteomspunne status under opphaldet i Rouen. Det vart truleg Olav òg.

Karl den store var ingen vikinghøvding som herja og rana spreidd busetnad og landsbyar. Han var kongssonen som vart fransk konge og til slutt krona som dei vest-romerske keisarane sin arvtakar fyrste juledag i 800. Han organiserte det enorme riket sitt etter ein føydal struktur som gjorde at han styrte utan å vera sjølv til stades med hæren sin. Og ikkje minst styrte han gjennom lover. For han var ikkje bare keisar i namnet, men gav lover for riket sitt slik dei romerske keisarane hadde gjort i si tid. Det vil seia lover som ikkje var knytt til folkegrupper, slik tilfellet var etter vest-romarriket sitt fall i 476, men territoriale lover som gjaldt for alle, og som vart handheva at keisaren sine menn rundt om i riket.

Olav Digre var frykta av dei han gjekk til åtak på. Brann, blod og sakn hadde han etterlete seg der han for fram. Det er mykje mogeleg mennene hans fortalte historier om bragdene hans, som då han lurte svenskekongen og kom seg unna hans store hær. Men kan Olav ha sete i Rouen og innsett at han aldri ville verta ein Karl den store med å vera vikinghøvding, eller ved å vera leigesoldat for andre. At det ikkje ville stå igjen ein katedral etter han, som etter Karl den store i Archen. At herjinga hans ikkje var nok til å få eit Rolandskvad til sitt minne?

Dette kan vi ikkje vita. Vi kan bare vita at Olav var i Rouen, som var ein viktig politisk by og lærdomssenter i Nordmandie på byrjinga av 1000-talet. At dei normanniske hertugane hadde byrja som vikingar og enda som herskarar. At det her var samla personar frå Irland til Italia som fortale om meir eller mindre mytiske kongar og lovgjevarar sin stordom. Kongar og lovgjevarar som var av ein anna kaliber enn Olav sjølv. Og som hadde det til felles, at dei var kristne.

Det er ikkje mogeleg å vita kvifor Olav lot seg døypa i Rouen. Det kan ha vore at han i kristendomen fann tilgjeving for herjing og drap som han angra på. Men dette var ei tid der herjing og drap både var ein forretningsidé, slik det hadde vore for Olav, og det var ein del av politisk verksemd, slik at det skulle bli for Olav. Det er meir truleg at han opplevde at det å byggja eit rike, med veksande handel og byar, med skrift og lærdomssenter, med borger og katedralar, var knytt til kristendomen. At den skapte ein fellesskap som hadde ei makt ved seg han ikkje hadde sett når han og hans menn drep landsbybuarar som bad for sine liv.

Sankt Olavs lov og rett

Ikkje noko av dette kan vi vita sikkert. Men vi treng å forklara Olav sine motiv og ambisjon der han sigla inn mot Moster. For Moster representerer noko heilt nytt i norsk rettshistorie. Olav var ikkje den fyrste norske kongen med lovgjevingsambisjonar. Sagaskrivar Snorre Sturlasson framstiller Håkon den gode, som hadde lært lovgjeving i si tid ved hoffet til kong Adalstein i England på byrjinga av 900-talet, skal ha teke initiativ til å laga ei sjøforsvarsordning, kalla leidangen, for det norske riket i 954. Han forhandla den fyrst fram på Gulating, før den seinare vart vedtatt på Frostating, og ein god del seinare på Bogar- og Eidsivating. Fordi ordninga måtte forhandlast fram på kvart av dei norske lagtinga, ser vi at den til dømes ikkje var lik i Gualting og Frostating.

Det er difor Olav truleg stemna mot Moster. Han ville ikkje reisa rundt òg forhandla med landsdelsting, men i staden laga eit overordna ting for heile Norge. Slik sette han den gamle makteliten, knytt til dei ulike landsdelane, på sidelinja. Slik gjorde han som Karl den store – og romerske keisarar før han igjen – og lovgav for heile riket og ikkje for deler av det. Og slik samla han saman det som rettshistorikar Absalon Taranger kallar det fyrste parlamentet i norsk rettshistorie.

Vi må tenkja oss at ikkje langt frå Olav på skipet hans, stod biskop Grimkjell. I Den eldre Gulatingslova heiter det i tre kapittel i lova er laga av Olav den heilage og biskop Grimkjell. I Frostatingslova heiter det i eitt kapittel at det er laga av biskopen på Mostratinget, underforstått biskop Grimkjell. Når Snorre Sturlasson viser til det som i ettertid er kjent som kristenretten på Moster, skriv han:

«Han [Olav] gjorde om lovene etter råd av den kyndigste menn, og tok ut og la til det han syntes trengtes. Kristenretten satte han med råd og hjelp fra biskop Grimkjell og de andre prestene, og han la all makt på å avskaffe hedenskap og gamle sedvaner, som han mente var imot kristendommen. Til slutt samtykket bøndene i de lovene kongen satte.»

Biskop Grimkjell var altså ein sentral person i arbeidet med kristenretten på Moster. Han var av engelsk opphav, og Taranger har vist korleis kristenretten i Den eldre Gulatingslova, som i dag er ei viktig kjelde til Olav sitt lovarbeid, har klar tilknyting til engelsk rett i samtida.

Det er langt fleire reglar i Den eldre Gulatingslova som vert tilskrive Olav enn dei tre kapitla der det står eksplisitt at han og biskopen la fram reglane. Dette er reglar som inneheld Olavstekst. Det vil seia at det i lovteksten står «O:», som tyder at det som kjem etterpå var det som Olav fekk vedtatt på Moster. Dette for å skilja det Olav fekk vedtatt på Moster med endringar i kristenretten som vart gjort i kong Magnus 5. Erlingssons namn, kalla Magnustekst og markert med «M:», då han vart krona til norsk konge i 1163 eller 1164. Så sterk var denne tradisjonen med at Olavstekst var Olav den heilage si lovgjeving på Moster, at ein frå Island har eigne manuskript med bare Olavstekst. Dette er nok igjen opphavet til idéen om Sankt Olavs lovbok, som ein finn vitnesbyrd om i mellomalderen.

Dette betyr likevel ikkje at ein i dag sikkert kan seia kva Olav lovgav på Moster i 1024. Det er gode grunnar til å hevda at han lovgav, og at lovgjevinga var substansiell, utan at ein samstundes kan hevda at ein veit eksakt ordlyden i eller omfanget av lovgjevinga hans. Årsaka er at den norske rettskulturen på dette tidspunktet var munnleg. I ein munnleg rettskultur vert ordlyd og lovreglar lettare endra, slått saman, avskaffa eller funne på enn i ein skriftleg rettskultur, som er langt fastare og konstant over tid. Det ein difor sikkert kan seia noko om, er kva som hadde festna seg som Olav si lovgjeving på byrjinga av 1100-talet.

Men ein må ikkje sjå på bare kristenretten i Den eldre Gulatingslova som Olav si lovgjeving. Som det alt går fram av sitatet frå Snorre Sturlasson, var lovgjevinga meir omfattande enn det. Det finn ein òg spor etter i Den eldre Gulatingslova, der ein har Olavstekst både mellom reglane om ekteskap og avtaleinngåing. Det er òg grunn til å spørja om Olav reformerte reglane om trelhald, og omdanna dei frå slaverireglar til reglar om tvungen arbeidskraft. Dette fordi denne delen av Den eldre Gulatingslova, som kristenretten, ekteskaps- og avtaleretten, byrjar med eitt av dei ti bodorda. Dette var ikkje vanleg, sidan dei ti bodorda ikkje vart rekna som rettsreglar i mellomalderen. Unnataket var England, der biskop Grimkjell kom frå.

Kristenretten på Moster

Dersom ein ser i fyrste omgang ser på kristenretten i Den eldre Gulatingslova, som heilt klart inneheld mest Olavstekst, så inneheld den litt enkelt sett fire kategoriar av reglar.

For det fyrste har ein i kristenretten på Moster reglar om kyrkja i samfunnet. Kven skulle ha ansvaret for kyrkjebygging, for etablering av kyrkjegardar, for tilsetjing av prestar, og kva var  prestar sine oppgåver, og kven skulle handsama tienden som vart betalt som skatt til kyrkja. På den eine sida kan ein seia at dette var reglar som var heilt nødvendige for å etablera ein kyrkjestruktur i det kristne samfunnet Olav ønskte i Norge – rett og slett dei institusjonelle rammene om den kristne sin daglege livsførsel. På andre sida kan ein seia at det var ei etablering av dei strukturane og den organiseringa som var ein viktig bidragsytar til styrken til dei kristne områda Olav hadde lært å kjenna.

For det andre finn ein i kristenretten på Moster reglar om korleis ein skulle leva som kristen. Når skulle ein fasta, når skulle ein gå til kyrkjes, korleis skulle dåp og gravferd føregå. På eine sida var dette reglar som var heilt nødvendige for å sikra innbyggjarane frelse, og for å kristna kvardagen og livsførselen deira. På den andre sida var dette ein måte å skapa ein ny fellesskap innan dei kyrkjelege strukturane. For no skulle rik og fattig, mann og kvinne, mektig og avmektig døypast etter same rituale, gravleggjast på same kyrkjegard, møtast til messe i same kyrkjerom, og få fritak for ulike plikter etter dei same reglane som i prinsippet var like for alle. Ein viss orden etter det gamle mønsteret klarte ein få plass til, som til dømes at kvinner vart gravlagt på eine sida av kyrkja og menn på den andre, og at dei mektige vart gravlagt nær kyrkjemuren og dei avmektige nær kyrkjegardsmuren. Likevel var den nye fellesskapen omfattande, og den krafta Olav hadde lært å kjenna under si utanlandsherjingar.

For det tredje var det i kristenretten for Moster reglar som var berarar av sentrale kristne verdiar. Ein var at nyfødde barn ikkje skulle berast ut for å døy fordi ein ikkje kunne eller ville fø dei opp. Ein annan var at det om sommaren på Gulating skulle gjevast fri ein træl frå kvar region, der utgiftene skulle utliknast på kvar av dei som budde i regionen. Dette var reglar som var utslag av den overordna ideen om at alle menneske var skapt av Gud, og slik hadde same far, og dermed var i eit slektskapsforhold til kvarandre. Dette gjorde at styrke ikkje utan vidare gav rett, men heller ei viss plikt til å hjelpa fram den svake. Dette slektskapsforholdet var sjølve bindemiddelet i den kristne fellesskapen, og kjelda til fellesskapen sin styrke.

For det fjerde regulerte Olav kven som skulle møta på Gulating, og kva kompensasjon representantane som møtte skulle få for utgiftene sine til reise og opphald. Med dette etablerte Olav kongen som politisk sentralmakt som ei slags ramme for den kristne fellesskapen som frå no skulle prega samfunnet. For gjennom å regulera Gulating i staden for å avskaffa det no når Olav hadde etablert eit overordna, riksdekkjande parlament på Moster, gjorde han tinget til ein del av sentralmakta kongen styrte over. Gjennom ordninga med ein sølvskatt for å betala kost og losji til tingmennene, laga Olav ein kongeleg administrasjon for skattebetaling og -distribusjon som sentralmakta si oppgåve.

Ein prosess over 250 år

Det vart ikkje haldne fleire parlament på Moster, og dei fire lagtinga vart verande viktige politiske organ i fleire hundre år. Å gje éin slave fri kvar sommar i kvar region, avskaffa ikkje slaveriet. Olav sitt riksbyggjande prosjekt bar slett ikkje frukter der og då. Men Olav sine ambisjonar kan seiast å ha vorte fullt ut realisert med Landslova av 1274, så ein kan seia at den norske sentralmakta ikkje bare var etablert, men styringseffektiv. Kristenretten på Moster var slik ikkje utan vidare ein suksess. Men den var viktig som byrjinga på ein prosess som vart avslutta 250 år seinare, og som ville ha vore annleis, kanskje gått seinare, og heilt sikkert fått eit anna utfall om ikkje kong Magnus 6. Lagabøter hadde hevda at han bare var ein av Olavs ettermenn på den norske kongetrona som endra og bygde ut Sankt Olavs lov og rett, med bøndene på tinget sitt samtykke.


Artikkelen blei fyrst publisert i Luthersk Kirketidende.