Aktivitetshefte - «Verdiar i tusen år»
På oppdrag frå Moster 2024 har IKO Kirkelig pedagogisksenter utvikla eit aktivitetshefte med forslag til undervisningsopplegg om tusenårsjubileet, norsk kulturarv og kristenrettenstyding for Noregs historiske og samfunnsmessige utvikling. Opplegget er primært mynta på lærarar på mellomtrinnet, men vil enkelt kunne tilpassast andre alderstrinn.
Aktivitetsheftet er ein ressursbank beståande av ein pdf med korte oversiktstekstar, illustrasjonar, forslag til undervisningsopplegg med ulike aktivitetar og oppgåver og lenkjar til digitale ressursar. Til slutt finn de eit forslag tilskule-kyrkje-samarbeidd utvikla av Skåre sokn, som kan også tilpassast lokalt.
Heftet kan enkelt distribuerast digitalt til skular og lærarar, men kan òg skrivast ut som eit fysisk hefte. Heftet er utforma med tanke på tverrfagleg samhandling, og inneheld materiale og aktivitetar som kan tilpassast og brukast innanfor faga norsk, KRLE, samfunnsfag, matematikk, naturfag, kroppsøving, mat og helse, engelsk og musikk. Under overskrifta til kvar aktivitet står det kva fag den aktuelle aktiviteten eignar seg for.
Materialet er fagleg og pedagogisk forankra og utvikla av fagfolk med kompetanse innanfor mellom anna mellomalder, historie, samfunnsfag, norsk, religion og etikk (KRLE) samt pedagogikk/didaktikk for grunnskulen. Heftet består av både digitale og analoge ressursar til bruk i klasserom/på skulen og utandørs. Ressursbanken inneheld ein kombinasjon av aktivitetar som kan gjerast individuelt, klasseromsaktivitetar som kan gjerast saman heile klassen og gruppearbeid og prosjektbaserte opplegg.