Arven etter Moster: Kristenretten si betyding i norsk kulturhistorie

Arven etter Moster: Kristenretten si betyding i norsk kulturhistorie

I anledning 1000-årsjubileet kjem IKO-forlag ut med bok i Prismet bok-serien sin om Moster!

Arven etter Moster tar for seg kristenretten si betyding i norsk kulturhistorie frå mellomalderen og fram til i dag. Kristendommen satte sitt preg på kunst, litteratur, levevis og sedvaner, verdiar, tankar og idear, samfunnsstrukturar og sjølvsagt lov og rett. Korleis skal vi forstå denne historiske og kulturelle utviklinga i eit langtidsperspektiv, og korleis preg den oss i dag? På kva for ein måte speglar ideane, verdiane, haldningane og førestillingane som kom med kristninga i våre ulike kulturuttrykk? Dette er spørsmål som blir stilt – og diskutert – i boka.

Boka presenterar heilt fersk forsking på kristenretten og betydinga i Noreg. Kapitlene tar for seg tema om kva som eigentleg skjedde eller ikkje skjedde på Moster i 1024, kristenretten si historie og forhistorie, kristningen si betydning for vår tidsforståing, kristendommen si historie i Sápmi, før-reformatoriske motiver i norske folkeeventyr, kristenretten i Kristin Lavransdtter, Olavssalmer i norsk salmetradisjon, spor etter kristne verdiar i kongen- og statsministerens taler og brot med kristendommen i norsk skulehistorie.

Boka er ein fagfellevurdert, vitskapeleg antologi redigert av Torgeir Landro og Cathinka Dahl Hambro trykka av IKO-forlag, og inneheld totalt 12 kapittel pluss eit omfattande innleiingskapittel. Ho representerer også helt fersk forsking og nye innsikt, blant anna bygg eit av Landro sine kapittel og Oftestad sitt kapittel på foredraga dei heldt på vår internasjonale forskarkonferanse ved UiB i april.

Boka er mogleg å forhandsbestille allereie no, her.

Vi gler oss til å lese!

Sett ditt preg på jubiléet

Tankar og idear du har til jubiléet kan bli ein del av jubiléfeiringa!

Les meir

Opning av utstillinga "URETT" i Kulturkirken JAKOB i forbinding 1000-årsjubileet

8
.
October
2024

Offisiell jubileumstale heldt av H.K.H Kronprins Haakon 1. juni 2024

26
.
September
2024

Stortingspresidentens offisielle tale under opninga av ny permanent utstilling på Moster Amfi

26
.
September
2024