Internasjonal forskarkonferanse i Universitetsaulaen i Bergen

Internasjonal forskarkonferanse i Universitetsaulaen i Bergen

«Moster 1024 - Crossroads of Religion and Law in the Conversion of Norway»

17. og 18. april heldt Moster 2024 internasjonal forskarkonferanse i Universitetetsaulaen i Bergen, med namn «Moster 1024 - Crossroads of Religion and Law in the Conversion of Norway»

Sidan 2022 hadde vi, saman med vår historiske fagkomité, arbeida med å utvikle ein konferanse med mål om å presentera nye trendar innan forsking med relevans til konverteringa og den kristne lovgjevnaden i Noreg. Konferansen hadde ei tverrfagleg tilnærming og tok sikte på å tiltrekke seg forskarar frå ulike disiplin som var relevante for tema. Arkeologi, rettshistorie, historie, idéhistorie, manuskript studie, filologi og teologi var tema konferansen var innom. Sjølv om fokuset var sett på Noreg og norsk rett, var også presentasjonar med eit komparativt perspektiv som trekte område utanfor Noreg inn, også velkomne. Det kronologiske fokuset i konferansen var sett til perioden frå ca. 900 til år 1200.

Konferansen besto av to fulle dagar med program, i tillegg til ein ekstra dag med ekskursjon til historiske Moster. Under konferansedagane i Universitesaulaen heldt 27 faghistorikarar frå 6 ulike land innlegg. Emerita Lesley Abrams frå Oxford University var key speaker, det same var prorektor Torgeir Landro ved NLA Høgskolen. Over 100 menneske satt i salen under konferansedagane, og vi er veldig nøgde med resultatet.

Dagleg leiar Elsa Aanensen saman med Moster 2024 sin historisk fagkomite.
Arkitekt Bjørg Agasøster og Kjartan Hauglid heldt innslag om Moster gamle kyrkje.
Historikar Timothy Bolton held innslag om politikken som leia til hendinga i 1024.
Masterstudent ved UiO Tore Storehaug heldt innslag om Olav den heilage som lovgjevar, men var også aktiv under spørsmål og samtalar i etterkant av kvart innslag.

Sjå ei kort oppsummering over stemninga og innhaldet under konferansen i april:

I tillegg til å vere ein del av programmet til 1000-årsjubileet på Moster, var konferansen ein del av Landslovsjubileet i Vestland.

Prosjektet vart utvikla i samarbeid med NLA Høgskolen, Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, Universitetet i Sørøst-Norge og VID Vitenskapelige høgskole. Andre samarbeidspartnarar var Bømlo kommune, Vestland Fylkeskommune, Middelalderklyngen, Bergen kommune, Bymuseet i Bergen, Den norske kyrkja og Høgskulen på Vestlandet.

Video og bildeinnhald:
Vestland Media AS / Peter Tubaas

Sett ditt preg på jubiléet

Tankar og idear du har til jubiléet kan bli ein del av jubiléfeiringa!

Les meir

Statsministeren si tale ved opninga av parkanlegget ved Vetahaugen

17
.
June
2024

Viktig informasjon om kongeleg besøk og TV-sending med NRK under Moster 2024

25
.
May
2024

MOSTER 2024: Klare for den store verdisamtalen

18
.
May
2024