Statsråd Abid Raja (V) kunngjorde i september 2021 at søknaden om fullfinansiering av 1000-årsjubileet for innføringa av Kristenretten på Moster i 1024 er innvilga, noko som tyder nye sju millionar kroner i perioden 2022-2024.
Statsråd Abid Raja (V) kunngjorde i september 2021 at søknaden om slutt-finansiering av 1000-årsjubileet for innføringa av Kristenretten på Moster i 1024 er innvilga, noko som tyder nye sju millionar kroner i perioden 2022-2024.
Bømlo kommune og Vestland fylke har kvar løyvd fem millionar kroner til feiringa, medan Regjeringa sin samla medverknad med dette no er på ti millionar kroner.
- Dette var ei svært gledeleg melding å få, seier styreleiar i Moster 2024, Per Bjørn Habbestad. - Med dette har me det nødvendige finansielle grunnlaget for å planleggja ei verdig markering av dette 1000-års-jubileet og kan konsentrera det vidare arbeidet om program og innhald.
- I Moster 2024 er vi utruleg glade for den siste økonomiske brikka er på plass. Finansieringa er viktig for at me skal kunna gjennomføra dei planane me har for sjølve jubileet, men óg for tiltaka me skal setja i gong i åra føre, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Tildelinga tyder ikkje minst på kva posisjon innføringa av Kristenretten har i historia om rettsstaten Noreg og at det har relevans å nytta historiske milepælar til å setja tidlause tema på agendaen óg i samtida, seier dagleg leiar Elsa Aanensen.
I 2024 er det 1000 år sidan innføringa av Kristenretten i Noreg. Dette skjedde på Moster i Bømlo kommune, på Mostratinget sett av Olav Haraldsson (Olav den heilage) og Bisp Grimkjell i år 1024. Innføringa av Kristenretten brakte inn nye lovar og sette i gong ei omfattande og radikal samfunnsomvelting. Det markerte byrjinga på ei ny tid, med auka menneskelege omsyn og sterkare rettsvern for individet. Kristenretten sin innverknad på rettsstaten Noreg vil vera hovedtema for jubileumsfeiringa.
- Eg synest det er heilt utmerka at me på denne måten markerer 1000-årsjubileet, Moster 2024. Me i kulturdepartementet er veldig glade for at de gjer dette. Dette handlar om å forstå vår historie og det som har skjedd før oss. Det kan seie noko om kvar me er i dag, hjelpa oss i samtida og til å staka ut kursen for framtida, har Abid Raja tidlegare sagt om Moster 2024.
Regjeringa har óg via plass til Kristenretten i Perspektivmeldinga 2021, i kapitlet om “røtene til vårt moderne velferdssamfunn”. Der skildrar ein det som skjedde i 1024 som ei heilt avgjerande hending for samfunnsutviklinga i overgang frå maktsamfunn til rettssamfunn. Ein trekkjer óg fram konkrete endringar Kristenretten førte med seg, som opphøyr av slaveri, rett til kvile på heilagdagar, barn skulle ikkje lenger setjast ut for å døy, fleirkoneri vart forbode og kvinner fekk rett til samtykke ved ekteskap. Ein annan institusjonell milepæl som kom med Kristenretten var eigedomsretten. Fleire bønder eigde sin eigen gard i Noreg enn i andre land, og leiglendingar hadde større uavhengighet i europeisk samanheng. Norske bønder hadde dermed større fridom enn bønder i andre land.
- Dette er ei fantastisk gladnyhende for riksjubileet Moster 2024 og Bømlo kommune. Det er verdt å takka alle som har jobba for å få dette til, strålar ordførar i Moster 2024 sin heimkommune, Bømlo, Sammy Olsen.
Tankar og idear du har til jubiléet kan bli ein del av jubiléfeiringa!