HEIM: Skrive-, foto- og teikneseriekonkurranse

Er du glad i å uttrykka deg? Skriv ei meining, skjønnlitterær tekst, ta eit fotografi eller teikn ei teikneserie med tema HEIM og vinn 1000 kroner og publisering!

Moster 2024 inviterer, i samarbeid med Barne- og ungdomsbokfestivalen Falturiltu, nettidsskriftet Barnebokkritikk, forlaget Kapabel, og Magasinett og nettavisa Framtida.no, til ytringskonkurranse for deg under 26 år.

Tema for konkurransen er HEIM.

Du kan sjølv velja om du vil senda inn ein meiningstekst (kommentar/essay), skjønnlitterær tekst (novelle/dikt), eitt eller fleire foto eller teikneserie. Det vil bli kåra ein vinnar innanfor kvar av desse sjangrane som mottek ein premie på 1000 kroner. Vinnaren vil også få dekka reisa til lanseringa på Falturiltu, 4-11 november i vestlandsområdet.

Spørsmål du kan ta utgangspunkt i:

  • Kva er heime for deg? Kor kjenner du deg mest heime?
  • Korleis har heimen din forma den du er?
  • Er du den same ute og heime?
  • Kva skal til for å ha ein trygg heim? Og korleis kan ein sikra at fleire får tilgang på nettopp dette?

Innleveringsfrist: 26. mars 2023.

OM KONKURRANSEN:

Vinnarane blir annonserte på barne- og ungdomsbokfestivalen Falturiltu, mellom 4-11 november. Vinnarane kan saman med dei beste beste bidraga bli publisert i ein bokantalogi, som kan bli utgive på Kapabel forlag i 2024.

I tillegg vil dei beste meiningstekstane bli publiserte på Framtida.no, samt her på Moster 2024 si heimeside. Barnebokkritikk.no vil òg publisere utvalde tekstar. Bidraget kan ikkje ha vore publisert i andre medium før.

Format: Word-fil (pass på å leggje fila som eit vedlegg i e-posten, ikkje berre som ei lenkje), PDF eller JPEG-fil.


Kontaktinfo: Skriv inn namn, alder, heimkommune, e-post-adresse og telefonnummer på botnen av bidraget ditt – så får vi kontakt med deg om du vinn eller vi vil publisera innlegget ditt.

Lengd: Maks 1000 ord, men gjerne kortare!

Premie: 1000 kroner til dei fire vinnarane innafor kvar sjanger. Ein hovudvinnar vil også vinne reise til Falturiltu. Bokpremiar og berenett vil bli gitt til dei beste bidraga som blir plukka ut til å bli publiserte i antologien.

Aldersgrense: 12 - 25 år

Innleveringsfrist: 26. mars 2023

Målform: Nynorsk

Send bidraget ditt som vedlegg til e-postadressa: skrivekonkurranse@framtida.no


Om du har skrive ein tekst, send bidraget som Word-dokument eller PDF-fil. Om du bidreg med foto eller teikneserie, er det lurt å sende som JPEG eller PNG.


OBS: Hugs å merka teksta med <NAMN>, <ALDER>, <HEIMKOMMUNE> <E-POST-ADRESSE> og <TELEFONNUMMER>.

Sett ditt preg på jubiléet

Tankar og idear du har til jubiléet kan bli ein del av jubiléfeiringa!

Foreslå noko til jubiléet

Les meir

Lansering av program for jubileumsveka 2024

30
.
January
2023

Call for papers: Moster 1024

7
.
November
2022

LAND - premiere på samarbeidsproduksjon i august

8
.
July
2022